Med front mot Store Lungegårdsvannet ligg det Snøhetta-teikna bygget.
Inne er dei andre funksjonane bygd rundt den store utstillingshallen. Administrasjonen sit i tredje etasje, delvis i opne landskap.
–Korleis finna utsmykking til eit slikt bygg? Det er jo dei som jobbar her som vanlegvis smykkar ut andre bygg, seier prodekan Anne-Helen Mydland. Verket «På vei» har skisser frå alumni ved KHiB og dei andre institusjonane som vart ein del av dåverande KHiB.
Prodekan Anne-Helen Mydland i auditoriet med topp lydanlegg, der stolane kan fjernast og rommet fungera som ein black box.
Arbeidsplassar for studentane i første etasje. Her har studentane allereie «flytta inn» og gjort plassane til sine eigne.
Prodekan Mydland er professor i keramikk og leire, og særs nøgd med at nybygget har fått eit eige rom der ein kan glassera.
Ute i verkstadgarden finn ein verkstadar som av HMS-grunnar skal ligga for seg sjølve. Dette er gipsrommet. Eit eige bronsestøyperi står på ønskjelista. Ein kjem seg fram hit med bil, og kan frakta store kunstverk på traller.
Verksmeister Kristian Skjold i møbelverkstaden. Før han kan sleppa studentane laus her må dei gjennom HMS-kurs.
Prorektor Mydland gler seg over å ha fått kafé i bygget. Ein slik samlingsstad mangla i det gamle KHiB-miljøet.
I den bakre enden av bygget ligg biblioteket.
Rom61 er forskingsgalleriet. Utstillinga til opninga er klar: Her er publikasjonar frå dei tilsette stilt ut.
Universitetslektor Arve Håland kasta dei gamle maleskoa sine då han flytta frå Stømgaten. Men ein gitar må ein ha på kontoret.
Det er arbeidsplassar for studentar i fleire av etasjane, mellom anna på toppen.
Professor Brandon LaBelle ved Institutt for kunst har gjort studioet sitt om til ein del av utstillinga «The imaginary republic» som i desse dagar opnar på galleri 3,14.
Professor Johan Sandborg er nøgd med å kunne tusla eit par etasjar ned til administrasjonen. Men framleis går han seg vill i nybygget.
Utanfor bygget er det eit offentleg rom som òg kan brukast som arena for kunst og utstillingar. Eit uterom mangla ved gamle KHiB. Foto: Dag Hellesund Fakultetet for kunst, musikk og design (KMD) sitt nye bygg i Møllendalsveien 61. Blir offisielt opna 11. oktober 2017. Teikna av Snøhetta. Til venstre kan det og komme eit bygg for Griegakademiet.

Nye KMD

Powered by Labrador CMS