Statsminister Erna Solberg og rektor Dag Rune Olsen på veg opp på scena i Nygårdsparken.
Studentersangforeningen og mannskoret Arme riddere opna programmet med latinsk song.
Rektor Dag Rune Olsen ba studentane om å ta i bruk Nygårdsparken når den no bli opna att etter renovering i haust. – Me håper at dykk som byens nye studentar vil ta i bruk parken til lesing, ballspel og sosialt samvær med venner og studievenner.
Dei nye studentane Chubina Kumar (t.v.) og Abhira Sivakumar frå Oslo sakna sola under opningsseremonien i Nygårdsparken.
Dei nye studentrepresentantane i Universitetsstyret på UiB, Vegard Fosso Smievoll og Katja Løvik leia an prosesjonen under opningsseremonien.
Læringsmiljøprisen og Ugleprisen vart delt ut under seremonien. Leiar av Senter for internasjonal helse, Bente Elisabeth Moen, tok i mot den interne prisen for utdanningskvalitet for nettkurset medisinsk fredarbeid i utviklingsland. Læringsmiljøprisen gjekk til Mathilde B. Sørensen som underviser i fag på geovitenskap.
Leiar for Studentparlamentet ved UiB, Håkon Randgaard Mikalsen.
Ordførar i Bergen, Marte Mjøs Persen, oppmoda studentane til å bruka byen og det den har å tilby. – Bruk studentrabatten for det den er verdt.
Bergensartisten Silja Sol hadde mini-konsert for studentane etter at talane var ferdig.
På Studentsenteret vart det arrangert studenttorg kor alle organisasjonar og lag kunne presentera seg for dei nye studentane.
Anette Drabløs (20), Silje Sakshaug (22) og Kristense Bjørkhaug (19) skal alle byrja på bachelor i administrasjon og organisasjonsvitskap. – Me fann raskt tonen på faddervekearrangementa, seier dei.
Heidi Hareide og Kristian Sandstad frå BSI dans svinga seg til latinske rytmar under studenttorget tysdag. Dei håpar på på fleire medlemmar i danseklubben.
I desse valkamptider hadde også Unge Høgre funne vegen inn til studentane.
Studinekoret <> skapte god stemning under Studenttorget. Her saman med rektor Dag Rune Olsen.

Semesterstart på UiB 2017

Powered by Labrador CMS