Patrick og Marcus (11) frå Kronstad skule var godt fornøgde med lunsjen. - Eg vil studera, men eg veit ikkje heilt kva. Mamma vil eg skal bli tannlege, seier Patrick. Foto: Tor Farstad
- Æsj!, braut det ut frå salen då elevane fekk sjå bilde av ein heller vanleg munn. Professor i oral patologi Kathrine Skarstein og overtannlege Torgild Lægreid forklarte korleis ein kan bruka tennene til å finna ut alderen på menneske. Foto: Tor Farstad
– Me håpar de kjem til å gå ut her i frå litt klokare enn då de kom, sa viserektor Oddrun Samdal. Ho ønska velkomen til Barneuniversitetet, som bli arrangert for andre gong ved UIB. Foto: Tor Farstad
Fysikar Andreas Wahl, mellom anna kjent frå det populærvitskapelege programmet "Folkeopplysningen", var konferansier. Foto: Tor Farstad
UiB håper at Barneuniversitetet kan inspirere nokre av deltakarane til ei framtidig forskarkarriere. Foto: Tor Farstad
Desse jentene frå Kronstad kunne tenka seg å koma tilbake til Universitet for å studera når dei blir eldre. Foto: Tor Farstad
USA-vitar Hilmar Mjelde fekk mange spørsmål om både Hilary Clinton og Donald Trump frå salen. Foto: Tor Farstad
Ragnhild og Kamilla synest foredraget om USA var ekstra gøy. Dei har gjort seg opp meiningar om dei to presidentkandidatane. – Eg synest at Trump er litt for ærleg når han snakkar av og til, seier Kamilla. Foto: Tor Farstad
Elevane fekk sjå bilde av ein 9000 år gammal hovudskalle som vart funnen i Bergen i fjor. Også der kunne ein vurdera alderen ved hjelp av tennene. Foto: Tor Farstad
Det var mange spørsmål frå unge, nysgjerrige studentar. Foto: Tor Farstad

Sjå bilda frå Barneuniversitetet 2016

Powered by Labrador CMS