Formidlarane Roe Lauvås og Hilde Tordal frå VilVite var i fyr og flamme under opninga av forskingstorget på fredag. Foto: Tor Farstad
Førstemanuensis, Kjartan Olafsson, ved Birkeland senteret viser Nicholas Fjellanger (10) korleis han bruker teleskopet for å studera sola nærare. — Den ser jo solbrent ut, den er heilt raud, seier Nicholas. Foto: Tor Farstad
Marcus (12) år frå Holen skule fekk testa kor mange hopp han klarte å gjera med hoppetau på 30 sekund. Foto: Tor Farstad
— Hald dykk for øyrene, no smell det! Foto: Tor Farstad
Lærar på Tertnes skole, Kristian Storum, måtte også til pers foran elevane. — Me får ikkje lov å senda opp fyrverkeri frå bakken, men frå hovudet må vel vera greitt, seier Roe Lauvås medan han tenner på. Foto: Tor Farstad
Hjarte- og lungeredning sto på programmet på stasjonen til Helse Bergen. Kaya (11) og Anastasia (11) frå Ytre Arna skule fekk prøva å bruka ein defibrillator. Foto: Tor Farstad
Kristel Zilmer frå lærarutdanninga ved Høgskolen i Bergen, lærer elevane å rissa inn middelalderruner på treverk. — Dei kan ta dei med seg heim, og prøva å få familien til å tyda kva dei har skrive. Foto: Tor Farstad
— Me ønsker å avmystifisera forskinga litt, og gjera den meir tilgjengeleg, seier leiar for Forskingsdagane i Bergen, Silje Vik Pedersen. Foto: Tor Farstad
Maja (12) og Julie (11) frå Tertnes skole fekk prøva å læra seg runealafabetet. — Det er litt vanskeleg, me veldig kjekt, seier dei begge. Foto: Tor Farstad

Sjå bilda frå Skuledagen 2016

Powered by Labrador CMS