- Eg heiter Oddrun Samdal, og jobben min er å hjelpe den ordentlege rektoren med alt som har med utdanning å gjere, sa viserektor Oddrun Samdal. Ho ønska velkommen til det første Barneuniversitetet i aulaen. Foto: Tor Farstad
Viserektor Christine Johannessen er også med i Kripos si gruppe med rettsodontologar. Saman med Torgils Lægreid fortalde ho om korleis tannlegar kan gjere detektivarbeid. Ved hjelp av avtrykk frå tenner kan ein fastslå identiteten til døde personar. Ein kan også løyse kvardagsmysterier og finne ut kven som har ete av sjokoladen i kjøleskapet. Foto: Tor Farstad
Melketenner, eller visdomstenner? Sjetteklassingane hadde på førehand arbeidd med korleis ein kan aldersbestemme ein person ut frå tennene. Foto: Tor Farstad
Tiril og Sandra er elleve år, og elevar ved Hjellestad skule. Dei synest det var mest spennande å høye om vikingtida og korleis tannlega også kan vere detektivar. Tiril skal studere, men har ikkje bestemt seg for kva fag ho vil ta. Sandra vil studere jus. - Eg er veldig glad i å diskutere med foreldra mine, seier ho. Foto: Tor Farstad
- Sjetteklassingar har ei rekke ulike tilnærmingar til faga, dei er nyskjerrige på korleis ein kan forstå verda og lurer på ei rekke ting. Difor har vi denne dagen der vi inviterer dei til aulaen. Når museet opnar igjen, vil vi at dette skal vere ein stad der dei kan kome og lære nye ting, samt drikke brus og ete bollar, seier Oddrun Samdal, viserektor for utdanning. Foto: Tor Farstad
I pausen var det mat og juice, samt høve til å snakke med Andreas Wahl,kjent frå populærvitskapleg tv og bøker. Foto: Tor Farstad
Historikar Geir Atle Ersland heldt forelesing om vikingtida. Andreas Wahl var konfransier. Ersland måtte avkrefte at han driv med kjemikalier og eksplosjonar. Foto: Tor Farstad
Kan ein slenge beina på aulastolen framfor seg? Fleire elevar erfarte at nei, det er visst ikkje lov. Foto: Tor Farstad

Sjå bileta frå Barneuniversitetet

Powered by Labrador CMS