I august vil over 300 kunst- og designstudentar som har vore spreidd over heile sentrum flytta inn i nybygget i Møllendalsveien.
Nedre hall er det første som møter folk når dei kjem inn i bygget. I bakkant ligg keramiske verkstader. Tanken er at studentane også skal kunna jobba ute i hallen.
Undervisingsrom.
I bygget finn ein fleire fotostudio og mørkerom.
Tekstilverkstad.
Eit lydstudio har ein også fått plass til.
På biblioteket er bøkene allereie pakka ut. Det er også ope for publikum på dagtid. – Me har ei suveren og unik samling kunstbøker i nordisk samanheng, seier prosjektleiar Ellen Lien-Hicks.
Øvre hall er på over 850 kvadratmeter, og er ein produksjonshall kor studentane kan arbeida. Det vil også vera utstillingar i hallen.
Golvet i øvre hall er limt saman for hand av over 400 000 trekubbar.
Benkane på terrassen er laga av trea som stod på tomta før byggestart. Her kan også studentane arbeida.
Resepsjonsområdet.
Driftsansvarleg Tor Elvsås viser fram den upåklagelege utsikta mot Store Lungegårdsvann.
I dette området finn ein arbeidsplassar for dei tilsette.
Leseplassar for studentar. Veggane er av fibergips, som er lett å sparkla over. Tanken er at studentane skal kunna bruka veggane til å utøva kunst på.

Sjå det nye kunstbygget

Powered by Labrador CMS