- I dag skal vi ikkje snakke stygt om dei som ikkje er til stades, vi skal tvert i mot snakke fint om dei som er til stades, sa Jarl Giske.
Aurora Martinez, Petter Bjørstad, Harald Walderhaug og Rein Aasland var alle til stades på feiringa. Rein Aasland kunne også skryte av Aurora Martinez, nestleiar ved Institutt ved Institutt for biomedisin for den nye MMR-plattformen skom skal kome til UiB.
– Det er få som på same måte som Nikolai Østgaard klarar å skape så mykje entusiasme, få med alle, og løfte fram dei unge forskarane på same måte som han. Det står stor respekt av det han har gjort . Vi hevdar oss no i verdsklasse, sa instituttleiar ved Institutt for fysikk og teknologi, Geir Anton Johansen.
Instituttleiar ved Institutt for geovitskap, Gunn Mangerud, gratulerte Eystein Jansen og Kerim Nisancioglu med sitt nyvunne Synergy Grant frå ERC. – Bjerknessenteret er utan tvil det mest anerkjende senteret for klimaforsking i Europa. Eystein Jansen har skapt mykje rundt deg, og du har skapt etterfølgjarar. Kerim er fysikar, og han er ein entusiastisk ung forskar som stiller opp for fellesskapet og er ein ekstremt god formidlar. Ho roste også Jostein Bakke for sin evne til å bygge nettverk og få med seg kollegaer og studentar.
- De er kremen av UiB, sa Oddrun Samdal i sitt videobrev frå Spania.
Nikolai Østgaard, Gunn Mangerud og Nils Erik Gilhus feira og vart feira av gode kollegaer. Gilhus skrytte også av kollega Lars Akslen som har fått SFF-midlar til å bygge opp senteret Centre for Cancer Biomarkers. – Lars har klart å samle forskinga som blir gjort slik at den samla forskinga vert på eit særleg høgt nivå, sa han.
Petter Erling Bjørstad går ved årsskiftet av som styreleiar for BFS, og stiftinga får ei ny form. - Viss UiB vil satse på å bli gode på noko, skal BFS støtte opp slik at UiB blir best til akkurat det, lova Bjørstad. Til venstre er Rein Aasland. Foto: Eivind A. Pettersen
– Bjarte Hannisdal er ein fantastisk forskar som eg er sikker på med tida vil få fast jobb på UiB, sa Gunn Mangerud om forskar og BFS-vinnar Bjarte Hannisdal.
I år fekk også Rolf Birger Pedersen ved senter for geobio undervatnfarkosten han har søkt om. – Rolf Birger veit det som er å vite om gamal havbotn. Vi er veldig glade for og stolte over at søknaden gjekk gjennom. Vi vil vere Norges marine hovudstad, og då er ein ROV det vi treng, sa Gunn Mangerud. Prisvinnerne i 2013 ble feiret på Knut Fægris hus 20. desember. Rolf Birger Pedersen
Også Helge Ræder fekk rosande omtale frå Robert Bjerknes. – Helge er ein flink doktor, ein likandes kar, og ein av fakultetet sine mest lovande vitskapsmenn. Han bryr seg om pasientane sine, og han har 20 prosent stilling ved forskarlinja. Helge viser at det går an å vere monoman forskar og samtidig ha ei viss breidde, sa Bjerknes. Prisvinnerne i 2013 ble feiret på Knut Fægris hus 20. desember. Helge Ræder og Robert Bjerknes
Robert Bjerknes hadde også varme ord å seie om Rolv Terje Lie, leiar ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin. Lie skal leie infrastrukturprosjektet «Health Registries for Research». – Du er ein eksellent vitskapsmann, og du er også ein klok mann. Prisvinnerne i 2013 ble feiret på Knut Fægris hus 20. desember. Sittende Dag Rune Olsen og Rolv Terje Lie

Skålte for 2013-vinnerne i Knut Fægris hus

Powered by Labrador CMS