Ikkje tivoli eller vitensenter, seier prosjektleiar Paul Amble om korleis gruppa som arbeider med dei nye utstillingane ser føre seg innhaldet på Muséplass 3 når bygget opnar att. Det er laget skisser som viser ulike utstillingar. Her: Livets mangfald. I denne utstillinga vil dei som besøkjer museet få ei oppleving av biodiversiteten og evolusjonsprosessar. Illustrasjon: Universitetsmuseet i Bergen
Forskarar og forskarrolla er gjenstand for den nye utstillinga i museet sin første etasje. Ver budd på nærgåande spørsmål. Illustrasjon: Universitetsmuseet i Bergen
Ein fjellkjede i vekst og fall. Ein gong var fjellkjeden me lever på like høg som Himalaya. Kva skjedde? Illustrasjon: Universitetsmuseet i Bergen
I Kvalsalen, som er eit ikonisk rom, vil ein prøva å ta vare på mykje av atmosfæren. Samstundes vert den triste historia om #plasthvalen inkludert. Illustrasjon: Universitetsmuseet i Bergen
Krystallar har alltid fascinert oss, men korleis vert dei til? Illustrasjon: Universitetsmuseet i Bergen
Gjennom mikroskopiske funn, for eksempel pollen, på arkeologiske gjenstandar, kan Universitetsmuseet sine forskarar finna spor av korleis verda var. Det er nyttig for å forstå både notid og framtid. Illustrasjon: Universitetsmuseet i Bergen

Slik kan det verta på museet

Powered by Labrador CMS