Botanikar Per Harald Salvesen heldt ein guida tur i Muséhagen. Han viste fram kvar universitetet sin gamle parsellhage var, der tilsette kunne plukke frukt og bær. Foto: Tor Farstad
- Coctaileffekten har ramma insekta hardt. Vi har til dømes sett eit såkalla biekollapssyndrom, seier professor Vigdis Vandvik, og forklarer kvifor dette er dårleg nytt for matproduksjonen. Foto: Tor Farstad
Marianne Lundanes frå Kontor for etter-og vidareutdanning (EVU) orienterte om kva ein kan gjere dersom ein har lyst til å studere meir ved UiB. - Lærarar og skulen er viktige for oss, seier Marianne Lundanes. Foto: Tor Farstad
Artisten Moi spelte i bokhandelen Akademika. Foto: Tor Farstad
Kvifor ramma jordskjelvet i 2011 Japan så hardt? Professor Kuvvet Atakan orienterte. Foto: Tor Farstad
- I år har vi den nye aulaen å vise fram. Det gjer det spesielt kjekt å invitere tidlegare studentar tilbake til UiB, seier Alumnus-sjef Janne Lønne. Foto: Tor Farstad
Hilde K. Kvalvaag heldt bokbad med forfattarane Ragnar Hovland og Gunhild Øyehaug. Foto: Tor Farstad
Psykologistudentane Mats Svalemyr og Haakon Tveit kom til aulaen for å høyre Valgsnakk med mediehuset 5080, Frøy Guldbrandsen og Johan Giertsen. Foto: Tor Farstad
Utanriksjournalist og Russland-ekspert Hans Wilhelm Steinfeldt har hovudfag i historie frå UiB. Han vart utnemnd til årets æresalumn. Foto: Tor Farstad
Mediehuset 5080 sette stemninga for Valsnakk med BT-kommentatorane Johan Giertsen og Frøy Guldbrandsen. Foto: Tor Farstad
Kva har skjedd med Bergen Høgre? Og kvifor ser SV no ut til å ta veljarar frå AP? Kjetil H. Dale frå TV2 i samtale med Frøy Guldbrandsen og Johan Giertsen. Foto: Tor Farstad

Slik var Alumnus-dagen 2015

Powered by Labrador CMS