Denne gangen går frå Bibliotek for humaniora til HF-bygget. Gangen var ein del av biblioteket då det vart bygd i 1961. Universitetsbiblioteket Manuskript- og librarsamlinga
Dette noregskartet er frå Holland på 1600-talet. Hollendarane hadde reist mykje nordover i samband med tømmerkjøp, og hadde temmeleg god kjennskap til norsk geografi. Universitetsbiblioteket Spesialsamlingane Kart frå 1662
Oppi ein syrefri boks, inni ein syrefri konvolutt – der ligg Agadiplomet. Dokumentet er eit mellomalderbrev og skildrar fohold knytt til ein eigedom i Hardanger. Dokumentet er frå 1293. – Dei skreiv det same på begge sider, og så skar eller klipte dei av med bølgeform. Dersom ein hadde dei ekte to delane, ville dei passa saman. Viss ikkje var det ei forfalsking, forklarar universitetsbibliotekar Bjørn Arvid Bagge. Universitetsbiblioteket Spesialsamlingane Diplom Mellomalderen Aga-diplomet frå 1293
Her luktar det fisk! Fleire hyller er fulle av ordrebøker frå nordlandshandelen. Universitetsbiblioteket Spesialsamlingane Nordlandshandelen
Dette er ei slags scrapbook frå 1600-talet. Borgarskapet sine barn vart sendt på danningsreise sørover i Europa. To brødre noterte og teikna undervegs. Resultatet: Eit flott handskrift med illustrasjonar. Universitetsbiblioteket Spesialsamlingane Handskrift Manuskrift Reiseskildring frå 1600-talet
Mange av Charles Dickens sine romanar vart gitt ut som føljetongar og selde på gata for ein shilling for kvar del. I spesialsamlingane finst det heile årgangar – svært sjeldne. Universitetsbiblioteket Spesialsamlingane Dickens-samling Bjørn Arvid Bagge
Ein heldig person, truleg eit barn, fekk si eiga helsing frå Thorbjørn Egner – og Karius og Baktus – i 1968. Universitetsbiblioteket Spesialsamlingane Bøker med dedikasjonar
Ei eiga hylle i spesialsamlingane rommar bøker med dedikasjonar. Her er det Knut Hamsun som har skrive ei helsing. UB har fleire bøker der Hamsun har skrive nokre ord til ein mottakar. Universitetsbiblioteket Spesialsamlingane Bøker med dedikasjonar
Bergens Annonce Tidende var ei kjempestor, tettskriven avis. Nærare ein gongar ein meter. Universitetsbiblioteket Manuskript- og librarsamlinga Bjørn Arvid Bagge Gamle aviser
Skeivt arkiv er den nyaste delen av spesialsamlingane. Arkivet rommar historia til lesbiske, homofile, transpersonar og bifile, og UB vil framleis gjerne ha inn meir materiale. Universitetsbiblioteket Manuskript- og librarsamlinga Skeivt arkiv
Dei gamle kartotekkorta er lagra i kjellaren på HF-bygget. – Då eg var student måtte me leita anten på forfattar eller emne. Det er litt enklare no når ein kan søkja på nettet, seier universitetsbibliotekar Bjørn Arvid Bagge. Universitetsbiblioteket Manuskript- og librarsamlinga Bjørn Arvid Bagge
Bøkene på denne hylla står der førebels fordi ingen heilt veit kva ein skal gjera med dei. Temaa er, som ein ser, temmeleg varierande. Universitetsbiblioteket Manuskript- og librarsamlinga

Spesialsamlingane

Powered by Labrador CMS