Slik ser det ut når fleire titals utstoppa dyr skal flyttast frå Universitetsmuseet.
Høgt heng dei og gamle er dei. Mange av dei utstoppa dyra er både gamle og skjøre. Då gjeld det å vere forsiktig når dei skal flyttast frå Universitetsmuseet.
Det er ikkje kvar dag ein ser ein elefant bli rulla vekk i Bergen.
Denne sjiraffen ligg fint og ventar på tur til den skal bli flytta. Den er ein av dei større dyra som skal ut frå museet og inn på lagring.
Dei fleire titals utstoppa dyra er godt pakka inn i plast før transport.
Litt etter litt skal museet tømast.
Marielle Bergh er naturhistorisk konservator og passar på at alt går rett føre seg under flyttinga.
Eit reinsdyr står klart til å bli rulla ut i ein ventande kontainer før det vert senka ned på bakken og frakta vidare til fjernmagasinet der det skal stå til museet er ferdig oppussa.
Ut dette vindauget i andre etasje er det dei ulike dyra vert frakta.
Dersom folk i Bergen ser eit flygande reinsdyr i dag kan dei berre ta det med ro. Det er lenge til jul enda.
Mange av dei utstoppa dyra er skjøre og då er det viktig at ting er godt merka.

Storstilt flytting på Universitetsmuseet

Powered by Labrador CMS