– Dette synest eg er flott. Det seier noko om UiB og om å få visdommen vår ut i verda, seier Tine Johannessen. Biletet er ei gåve frå dotra. Ugle Uglesamling Viserektor Anne Christine Johannesen
Det finst òg uglevesker og uglesmykke. Dei har fått plass på veggen. Ugle Uglesamling Viserektor Anne Christine Johannesen
Styggpen, er karakteristikken av denne ugla, som er ei gåve frå ein stipendiat. Ugle Uglesamling Viserektor Anne Christine Johannesen
Uglelyset er ei gåve frå dotra. – Eg har eigentleg fått beskjed om at eg må brenna det, ho meiner at det ikkje er fint med lys som vert ståande i årevis, humrar Johannessen. Ugle Uglesamling Viserektor Anne Christine Johannesen
Papirugler høyrer òg heime i samlinga. Ugle Uglesamling Viserektor Anne Christine Johannesen
Johannessen er litt uglekresen: Dei skal helst vera små, og ikkje så dyre. Nokre av desse har ho kjøpt sjølv, andre har ho fått i gåve. Ugle Uglesamling Viserektor Anne Christine Johannesen
Ei Gaudi-inspirert ugle, kjøpt i Barcelona. Viserektoren prøver å kjøpa med seg ei ugle frå kvar utanlandsreise. Ofte finn ho dei i typiske souvenirbutikkar. Ugle Uglesamling Viserektor Anne Christine Johannesen
Den store treugla er ei julegåve frå ektemannen. Ugle Uglesamling Viserektor Anne Christine Johannesen
Dette er den første ugla Tine Johannessen fekk. Ugla var ei gåve frå professor Gisle Bang. Ugle Uglesamling Viserektor Anne Christine Johannesen
Ugla er klar til jul, og får stå fremst i fuglekoret i denne søte førjulstid. Juleugla vart ein del av samlinga i fjor på denne tid, og er ei gåve frå prorektor Anne Lise Fimreite. Ugle Uglesamling Viserektor Anne Christine Johannesen
Ugla frå Namibia bryt eigentleg regelen: Ho er for stor. Men viserektor Anen Christine «Tine» Johannessen klarte ikkje å dy seg. Ho viser til at ugler står for både visdom, men vert òg knytt til både magi og religiøsitet. – Denne er litt skummel, seier Johannessen. Ugle Uglesamling Viserektor Anne Christine Johannesen

Uglesamlinga

Powered by Labrador CMS