Kristina Sandnes frå eigedomsavdelinga har leia prosjektet med å kartlegga alle UiB sine bygg. For kvart enkelt bygg er det skrive ein rapport som fortel kva som må utbetrast og kor mykje det vil kosta å gjera det. Foto: Hilde Kristin Strand Universell utforming HF-bygget Kristina Sandnes
Studieadministrativ avdeling i Langes gate er tilgjengeleg for alle. Foto: Hilde Kristin Strand Universell utforming Langes gate 1-3 Studieadministrativ avdeling
Prosjektleiar Kristina Sandnes skryt av arbeidet som er gjort på Muséplass. Dersom ein er rullestolbrukar, får ein den aller finaste inngangen til bygget. Foto: Hilde Kristin Strand Universell utforming Museplass
Utanfor Ulrikke Pihls hus kjem det ein stor rampe. Men døra rullestolbrukarar må nytta for å koma seg inn, er smal. Foto: Hilde Kristin Strand Universell utforming Ulrikke Pihls hus
Inne i Ulrikke Pihls hus er gangen blå og tydeleg. Dei første bygga som vart kartlagt, var dei som rommar studentfunksjonar. Dei rommar òg ofte areal for tilsette. Foto: Hilde Kristin Strand Universell utforming Ulrikke Pihls hus
Trappa på Nygård skole er ikkje universelt utforma. Bygget er eit av mange som er verna, og det gir utfordringar òg når bygget skal gjerast tilgjengeleg for alle. Foto: Hilde Kristin Strand Universell utforming Ulrikke Pihls hus
For at alle skal kunne koma inn til dei psykologiske poliklinikkane i Bjørn Christiansens hus, er trappene no godt merka. Det er òg heis i bygget. Foto: Hilde Kristin Strand Universell utforming Bjørn Kristiansens hus Psykologi
Eigentleg skal det vera handikapptoalett i kvar etasje. I nybygg er dette eit krav. Foto: Hilde Kristin Strand Universell utforming
Eit problem med mange dører er at dei er smale og tunge, slik at både rullestolbruakrar og andre rørslehemma vil ha problem med å koma seg inn. Biletet er frå HF-bygget. Foto: Hilde Kristin Strand Universell utforming HF-bygget
Trappa i HF-bygget er bratt og dårleg merka. Men med golvbelegg i ein annan farge, er kravet om kontrastar fylt. Foto: Hilde Kristin Strand Universell utforming HF-bygget

Universell utforming

Powered by Labrador CMS