Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Ein nasjonal komite støtter arbeidet med å gjera Nordhordland til Noregs første biosfæreområde i Unesco.
Komiteen er oppnemnt av Klima- og miljødepartementet for å hjelpa med gjennomføringa av Unesco-programmet <<Man and the Biosphere>>, som har tilsvarande status som verneverdig område.
<<Programmet representerer ikkje vern av nye område, men skal vera reiskap for lokalbefolkninga, avgjerdsstakarar, næringsliv og forskingsmiljø til saman å jobba for ei bærekraftig utvikling og miljøvenlege løysingar>>, står det på UNESCO sine nettsider.
Internasjonalt er det nærare 700 biosfæreområde, Sverige har fem, Finland to, og Danmark eitt.
Hovudoppgåva til MAB-komiteen i Noreg har vore å få nokon norske område med på lista. Det er dei som kjem med tilrådingar til kven departementet bør søka om Unesco-status for. Så langt er det berre Nordhordland som er aktuell her til lands.
– Det har vore gjort ein grundig jobb over fleire år, med tanke på å marknadsføra området som eit potensielt biosfære-område. Men eitt biosfæreområde er ikkje nok. På sikt håpar vi å få etablert fleire slike område rundt omkring i landet, seier seksjonsleiar i Miljødirektoratet og leiar for komiteen Olav Nord-Varhaug.
Les også: UNESCO har talt verdens forskere
– MAB-konseptet ligg under vitskapsparaplyen i Unesco-systemet. Eit samarbeid i forhold til universitetsmiljøa, at dei ser nytte av å kunna bruka området, og vil vera med på å bidra til å utvikla området, er ideen bak konseptet, seier Nord-Varhaug.
I 2016 vart Universitetet i Bergen tildelt ein Unesco Chair innanfor temaområda <<Sustainable Heritage and Environmental Management. Nature and Culture>>.
Eit av Unesco-professoratet sine fleire ansvarsfelt er biosfæreområde. Professor Geir Atle Ersland har nyleg tiltredd i stillinga.
– Me er nettopp kome i gong, men me arbeider med søknader og prosjektidear, seier Ersland.
Sjølv om den nasjonale komiteen har gitt støtte til vidare arbeid med å få biosfære-status i Nordhordland, må dei gjennom ein lengre søknadsprosess. Dei kan tidlegast få statusen i 2019.
Då må søknaden vera sendt til Unesco frå Noreg innan september 2018. Endeleg avgjerd blir på møtet i den internasjonale MAB-komiteen i juni 2019.
Les også: UB-samlinger på Unesco-liste
Nord-Varhaug trur det vil gå gjennom.
– Det er gjort ein grundig jobb frå Nordhordlandsmiljøet allereie, det verkar sopass forankra der, og det er uttrykt å vera so pass spennande også frå UNESCO si side. Så lenge det er politisk vilje og ønske om å få det til lokalt, så trur eg dette vil kunna lukkast. Men det er 100 prosent avhengig av at dette er noko som aktuelle kommunar ønsker, seier Nord-Varhaug.
I Nordhordland er dei svært glade for at dei no har kome nærare ein plass på prestisjelista til Unesco.
– Dette er eit viktig steg vidare for oss, seier Jon Askeland, ordførar i Radøy og leiar for styringsgruppa i biosfæreprosjektet, i ei pressemelding.
– Gjennom biosfæreprogrammet vil Nordhordland bli del av eit verdsomspennande nettverk som kan bety særs mykje for ei positiv utvikling av regionen.