Birger Berge prøvestrikkar ein sokk som det kjem mønster på i boka hans. Foto: Hilde Kristin Strand

Birger Berge strikkar alltid. No kjem boka med eigne design.

Når førstekonsulent Birger Berge fartar rundt for å promotera Holbergprisen i skulen, er det alltid med eit strikketøy i veska.

Publisert

i— Dei fekk rett, mattelærarane, som sa at eg ein gong kom til å få bruk for matematikken.

Birger Berge humrar.

Desse luene er sjølvdesigna. Det store, strikka sengeteppet er det Birger Berge si bestemor som har strikka. Det var ho som lærte han handarbeid. Foto: Hilde Kristin Strand

I sofakroken heime på Nordnes har han eit strikketøy, eller spøt, som det heiter i Sunnfjord, mellom hendene. Fire nøste i ulike fargar ligg saman og truar med å verta ein floke. Det skjer visst titt og ofte. Oppi ei skål ligg det fleire nøste og eit anna påbegynt prosjekt, og i ei stor korg meir spøt. I bokhylla står strikkebøkene på rekke og rad. No må det ryddast plass til ei ny, for til hausten kjem Berge si eiga strikkebok.

Og det er her matematikken kjem inn. For å laga eigne strikkemønster krev både excel-ark og teikning av diagram. Kanskje ikkje heilt det lærarane såg føre seg at det dei lærte vekk skulle brukast til. Men Berge har fått kommentarar på at å sjå han med strikketøy på førelesing var som å koma attende til 70-talet.

— Eg kan knappast hugsa at eg ikkje kunne strikka, seier 30-åringen.

Gullsmed - og historie

Sjølv om det ifølgje han sjølv tidvis vart meir strikking enn lesing av pensum, har Berge mastergrad i historie, og jobb i Holbergprisen. Han jobbar mest med Holbergprisen i skulen, og det er perfekt å kombinera med eit spøt.

Birger Berge likar mønster i fleire fargar. Foto: Hilde Kristin Strand

— Eg strikkar alltid når eg reiser, og det vert det ein del av med denne jobben. Eg strikkar gjerne ein bol, der er det lange omgangar. Elles strikkar eg i lunsjen, eg strikkar når eg er ute med venner, og sjølvsagt når eg slengjer meg på sofaen etter å ha vore på jobb og trening. Eg strikkar i utgangspunktet ikkje under jobbmøte, men eg ser det litt an, fortel Berge.

— Som det heiter på engelsk: If I’m sitting I’m knitting.

— Kva er det med denne strikkinga?

— Eg har alltid likt å skapa noko med hendene, og gjekk faktisk først gullsmedlinja på vidaregåande. Eit strikketøy kan ein ha med seg overalt, dersom eg skal sy må eg rigga meg til, seier han.

Eg trur det handlar om at mange ønskjer å skapa noko sjølve. Elles lever me jo veldig digitale liv.

Birger Berge

Men han har symaskin. Det er bestemora si gamle, ei kvalitetsmaskin var beskjeden då maskina frå 50-talet måtte på sørvis. Nedpakka i sin eigen vesle koffert har ho fått plass bak sofaen i Berge si leilegheit. Men ja, Berge kan sy. Han stilte i heimesydd sunnfjordbunad under Holbergprisen sin bankett.

— Kvifor trur du strikking har vorte så populært att?

— Eg trur det handlar om at mange ønskjer å skapa noko sjølve. Elles lever me jo veldig digitale liv. I tillegg vert ein jo kjent med produksjonskjeden på ein annan måte enn dersom ein går på ein av kjedebutikkane og kjøper ein genser som ser strikka ut. Og strikkeplagg kan ein spara på, det er viktig å tenkja på i eit klimaperspektiv, seier Berge engasjert.

Den mintgrøne symaskina frå 1950-talet har bruk att, var beskjeden då Birger Berge leverte henne inn til sørvis. Foto: Hilde Kristin Strand

Blogg, insta, bok

Det byrja med ein strikkeblogg. Men så oppdaga Birger Berge instagram, og er nok no det som kan kallast ein strikkekjendis. Han designa nokre oppskrifter til eit strikkeblad, og har lagt ut nokre oppskrifter på strikkenettstaden ravelry, og vart deretter kontakta med spørsmål om han ville laga bok. Det ville han.

— Korleis går ein fram når ein skal laga eigne mønster?

Ull, ull og meir ull: Det er det Birger Berge brukar mest - og likar best. Dette er åklekofta, med same fargar som eit gamalt åkle frå Sunnfjord. Foto: Hilde Kristin Strand

— I tillegg til å teikna og rekna, strikkar ein prøvelappar. Eg strikkar mykje sjølv, men til dømes kvinnevottar har eg fått kvinner eg kjenner til å strikka og prøva. Så gir dei tilbakemelding på kva som fungerer og ikkje.

Han viser fram ei kofte. Den minnar om åkle frå Sunnfjord.

— Det er meininga. Det er dei same fargane som ein finn i gamle åkle. Mykje av det eg lagar er ein vri av gamle mønster. Eg likar helst å laga mønster med fleire fargar – det skal vera gøy å strikka.

Ein attraksjon

I utlandet vert Berge ein liten attraksjon når han sit på ein benk med spøtet sitt, og nokre vil ta bilete. Men i Noreg strikkar òg fleire menn no. Berge treffer nokre av dei i garnbutikkane.

Ein designbolle kan brukast til oppbevaring av spøt! Dette er eit av mønstra som kjem i den nye boka. Foto: Hilde Kristin Strand

— Eg får berre positive tilbakemeldingar på at eg som mann strikkar. Arne og Carlos har vore blant inspirasjonskjeldene, seier Berge.

Arne og Carlos er designarparet som har gitt ut fleire strikkebøker, mellom anna norsk strikk med ein liten twist, og kunne sjåast på NRK i beste sendetid i programmet Kvelden før kvelden.

For Berge vert det førebels med denne eine boka, og truleg nye ting å visa fram på instagram. Han seier han er godt nøgd med at livet har to delar.

— Akademia er ei verd, eg har ein interessant jobb og kjekke kollegaer. Samstundes er det fint å kunne skapa så mykje med pinnar og garn.

Powered by Labrador CMS