Beate Krøvel Humberset kom til Washington DC i juli, og returnerer til UiB og Birkelandssenteret i mai. Foto: Ida Bergstrøm

Forskar med dei beste

- I ein forskarkarriere må ein rekne med å flytte fleire gonger. Det vert lettare når ein har tatt det første steget, seier Beate Krøvel Humberset. Dette året er ho Fulbright-stipendiat i USA.

Beate Krøvel Hubmberset er stipendiat ved Institutt for fysikk og teknologi, og for tida på utveksling ved forskingsinstuttet Applied Physics Laboratory, ein del av John Hopkins University. 

– Gyllen sjanse
Planen med opphaldet i Laurel, midt mellom Baltimore og Washington, er å finne ut meir om det som finst mellom himmel og jord.

Eller som Beate Krøvel Humberset sjølv forklarar det:

– Eg skal forstå den fundamentale oppførselen til straumen av energi og partiklar mellom verdsrommet og jorda. Eg forskar på dynamikken i denne partikkelstraumen som kjem inn i magnetfeltet vårt.

I Bergen er Beate Krøvel Humberset nordlysforskar ved Birkelandssenteret. Applied Physics Laboratory valte ho delvis fordi rettleiaren hennar, Jesper Gjerløv, held til her.

– Å få arbeide ved APL er ein gyllen sjanse til å arbeide saman med dei beste forskarane. Det er ekstra spennande når eg veit at mange av NASA-farkostane den siste tida har blitt bygd på Applied Physics Laboratory, for eksempel Messenger for å undersøke planeten Merkur, New Horizon for å studere Pluto og Van Allen Storm Probes for å undersøke strålingsbelta rundt jorda.

Passkontroll og toaletteskorte
På Høyden ville eigentleg besøke Beate Krøvel Humberset på kontoret hennar. Det viste seg å vere vanskeleg.

– Inngangskontrollen er streng, særleg overfor utlendingar.

– Eg må vise pass kvar dag når eg kjem på jobb, og skrive inn og ut laptopen min. No kjenner resepsjonisten meg igjen, så det går alltid greit. For ikkje lenge sidan var rutinane endå strengare, så eg er berre glad at eg slepp å ha eksorte for å gå på toalettet, seier Beate Krøvel Humberset.

 I bygget der ho arbeider er det også fleire avdelingar der ho ikkje har tilgang. Den strenge sikkerheita i romfysikkmiljøet kjem av at APL konkurrerar om å foreslå nye ekspedisjonar for NASA.

–  Eg har berre tilgang til litt av første etasje og delar av andre etasje. I dei lukka delane av bygget arbeider forskarar med hemmelegstempla data. Sjølv arbeider eg med dataanalyse, og i Civil Space Department.

Hard kamp om forskingsmidlane
– Kva er dei største skilnadane på den amerikanske forskarkulturen og den norske?

– No kjem eg frå eit universitetsmiljø i Norge til eit forskingsinstitutt i USA, men det kan virke som du har ein mykje tryggare jobb som forskar i Norge enn i USA. På Applied Physics Laboratory er forskarane avhengige av å søke om eksterne forskingsmidlar, som utgjer størstedelen av lønna deira, det er nok difor ein meir konkurranseorientert kultur.

Overraska over Halloween og Shutdown
Beate Krøvel Humberset meiner kollegaene set faglege diskusjonar høgt.

– Til og med dei travlaste forskarane prioriterer å delta på lunsjdiskusjonane kvar måndag, seier ho.

– Kva har overraska deg?
– Nummer ein er dei strenge tryggleiksrutinane ved Applied Physics Laboratory, som vi ikkje har liknande av i Norge. Det er svært få stadar på campus der eg får bevege meg fritt, men med eskorte får eg tilgang til mykje meir. Sekundært er det små ting, som at overraskande mange av amerikanarane eg har møtt har norske forfedrar, at landskapet i Maryland slett ikkje er flatt og kjedeleg, kor hyggeleg Halloween-feiringa eigentleg er og at trafikkreglane er forskjellig frå i Norge. Her kan ein for eksempel svinge til høgre på raudt lys, noko som er veldig effektivt. Eg er også overraska over Government Shutdown som eg opplevde på nært hald i oktober. Her opplevde 800 000 føderalt tilsette å ikkje få gå på jobb, nasjonalparkane stengte og viktige nettsider vart lagt ned.

I mai er det slutt på det ti månader lange opphaldet i USA.

– Det fine med å vere ein del av Fulbrightprogrammet er at ein i tillegg til å lære den amerikanske kulturen betre å kjenne, også får høve til å møte Fulbrightarar frå heile verda og på tvers av vitskaplege disiplinar, seier Beate Krøvel Humberset.

Powered by Labrador CMS