– Bjerknessenteret blei meir ei gruppe folk som arbeidde saman, og som hadde stort hell i å skaffe eksterne midlar. Det samsvarer ikkje med min personlegdom å vere ein autoritær leiar, seier Eystein Jansen, tidlegare direktør ved Bjerknessenteret. Foto: Ingvild Festervoll Melien

Han gjorde Bergen til hovudstad for klimaforsking

Høge mål, rein formidlingsglede og nulltoleranse for arroganse: Slik bygde Eystein Jansen opp eit av landets mest suksessfulle Senter for framifrå forsking (SFF). Trass all medgangen var han likvel på eit tidspunkt nær ved å legge ned drifta.

Tidleg på 2000-talet nådde ryktet klimaforskarane i Bergen: Ei stor utlysing var på veg. Innan få år skulle sjølvaste Forskingsrådet dele ut pengar til sterke fagmiljø. Satsinga skulle gjere dyktige forskarar endå betre, og sette dei i stand til å hevde seg på den internasjonale forskingsfronten.

Løyvingane ville vere langsiktige. Summane store.

Maringeologen Eystein Jansen starta sonderingane: Kunne han skape eit senter som kunne bli leiande innan klimaforsking?

Snappa Bjerknes-namnet
– Vi såg at det var behov for å samle dei gode kreftene som fanst innan klimaforsking i Bergen. Det var mykje god kompetanse i denne byen. Men vi var dårleg koordinerte og lite synlege nasjonalt, seier Eystein Jansen.

Han var lei av at store prosjekt vart styrte frå Oslo. Det var behov for ei bergensk mobilisering.

Saman med Helge Drange starta Eystein Jansen arbeidet. Hos Havforskingsinstituttet, Unifob, Nansensenteret og ved UiB var det forskarar som ville vere med. Dei sikra seg Bjerknes-namnet, etter meteorologane og klimaforskarane Vilhelm og Jacob Bjerknes.

Då Forskingsrådet utlyste midlar to år seinare, sto Bjerknes Centre for Climate Research klar med ein søknad om å bli Senter for framifrå forsking.

– Vi ønska å bygge opp eit miljø som ville gagne nasjonen og verda, seier Eystein Jansen.

Frå Forskingsrådet ville dei få 17 millionar kroner i året. Dei samarbeidande vertsinstitusjonane forplikta seg til å dekke omlag det same beløpet. Det var ein god start.

Hegemoniet i klimaforskinga var flytta til Bergen

Publiserte med dei beste
Etter at senteret starta arbeidet i 2003, begynte snøballen å rulle. Bjerknes-forskarane var i media. Dei forska, formidla og publiserte. I løpet av dei første tre åra hadde forskarane 266 artiklar på trykk i anerkjende tidsskrift, mellom anna i Science and Nature. «Outstanding», skreiv Forskingsrådet i si midtvegsevaluering.

Forskarane tok heim pengar frå eksterne utlysingar, noko som gjorde at forskarane hadde gode vilkår.

– Vi brukte sentermidlar på å bygge opp kompetanse der vi mangla dette. Yngre forskarar i Norge og i utlandet oppdaga at ved Bjerknessenteret var det moglegheiter. Planen vår var å bygge gode nettverk, og få våre folk inn i større EU-prosjekt. Slik fekk både synlegheit, kontaktnett og fleire midlar inn til senteret. Dette var i sin tur midlar vi kunne bruke på nye prosjekt, seier Eystein Jansen.

Vi fekk ros for det, men vi klarte vel aldri å få til ein jamn kjønnsbalanse

Motverka forgubbing på UiB
Også Geofysisk Institutt ved UiB fekk ein ny vår med Bjerknessenteret, fortel han.

– Dei sto svakt, og var til dels forgubba. Gjennom Bjerknessenteret ble dei vitaliserte, og fekk nye folk inn. Bjerknessenteret har vore ein suksessfaktor for heile instituttet.

Slo hardt ned på arroganse
Med godt tilfang av pengar utanfrå, blei det ikkje så mykje krangling om SFF-pengane internt.  Dei tilsette kunne konsentrere seg om det viktige: Å bli eit leiande klimaforskingsmiljø.

– Var det eit konfliktfritt senter?

– Gjennom den felles forhistoria vår var mange av dei sentrale folka samkjørte. Vi visste vi kunne jobbe godt saman. Det oppstod sjølvsagt konfliktar innan ulike fagretningar og i skjeringspunktet mellom store personmotsetningar, men vi måte lære oss å snakke same språk.

Ta matematikarane og geologane, til dømes: Dei snakkar ikkje alltid det same språket. Dei kjem frå ulike fagtradisjonar, der krava til kva som vert rekna for god bevisføring og nøyaktig kvantifisering er høgst ulike. Eystein Jansen arbeidde med å få dei til å respektere kvarandre.

– Vi arbeidde med å takle usemje. Vi slo hardt ned på arroganse og påstandar om at andre ikkje forstod nokon ting, seier Eystein Jansen.

Vi slo hardt ned på påstandar om at andre ikkje forstod nokon ting

Dom frå Forskingsrådet: «Exceptionally good»
I midtvegsevalueringa frå Forskingsrådet får  Eystein Jansen ros for å ha gjort ein «excellent job» med å leie senteret.. Forskingsrådet framhevar at senteret, i motsetning til dei fleste andre SFF-ar, har lukkast i å rekruttere mange kvinner.

– Vi fekk ros for det, men vi klarte vel aldri å få til ein jamn kjønnsbalanse, seier Eystein Jansen.

Også samarbeidet med partar internasjonalt blir framheva som svært vellukka. Karakteren senteret får etter midtvegsevalueringa er «Exceptionally good».

Vurderte å legge ned Bjerknessenteret
Bjerknessenteret ekspanderte. Det lokale arbeidsmiljøet for forskarane var likevel alt anna enn excellent. Den øvste leiinga ved UiB var ifølge Eystein Jansen grunnleggande positive til Bjerknessenteret. Men Muséplass har ifølge senterleiaren svikta Bjerknessenteret på eitt, sentralt punkt: Å gje forskarane ein felles arbeidsplass.

– Vatnet rann inn gjennom vindauge og tak. Lufta var dårleg. Eg trur vi hadde dei dårlegaste lokala som noko større forskingsmiljø i denne byen hadde på den tida, seier Eystein Jansen.

SFF-en var spreidd over heile byen. Havforskingsinstituttet på Nordnes. Geofysisk institutt på Nygård. Nansensenteret på Marineholmen.

I periodar var mangelen på eit felles, godt hus å arbeide i så problematisk at han vurderte å avslutte SFF-en.

– Etter kontrakten skulle vi få lokale i 2008. Det å ikkje få til ei samlokalisering, var den største skuffinga, seier Eystein Jansen.

Han meiner at forskarar som skal arbeide saman i ein SFF, treng ein felles stad å arbeide.

– Utan faglege møteplassar er det vanskeleg å lage eit einskapleg miljø. Eg var faktisk freista til å seie «stopp - dette går ikkje lenger», og legge ned heile drifta, seier Eystein Jansen.

Han var i periodar svært oppgitt over situasjonen med fellesbygget som uteblei, år etter år.

– Ein må legge til rette for god forsking. Har ein som universitet ambisjonar om å skape framifrå forskingsmiljø, må ein starte med å tilby framifrå forskingsmoglegheiter.

Samlokalisering legg til rette for meir enn uformelle møter over kaffimaskina. Verkemiddelevalueringa Evaluation of Added Value and Financial Aspects som NIFU STEP har gjort på vegne av Forskingsrådet viser at samlokalisering av SFF-forskarane har klare synergieffektar, og bidrar til betre samarbeid og eit meir dynamisk miljø.

«Det er verd å merke seg at noen av sentrene som ikke er samlokalisert, oppgir mindre internasjonale effekter enn de samlokaliserte sentrene,» står det i rapporten.

Endeleg har også Bjerknesforskarane fått det felles bygget dei har ønska seg i over ti år: I 2017 kan Bjerknesforskarane flytte inn i den nyoppussa vestfløyen på Geofysen.

Mens fleire av den første generasjonen med SFF-ar forsvann då perioden med finansiering frå Forskingsrådet gjekk ut, har Bjerknessenteret fått ei løyving over statsbudsjettet som gjer det mogleg å halde fram. I dag vert senteret leia av Tore Furevik.

Pengane som forsvann
– Korleis kunne Forskingsrådet gjort SFF-ordninga betre, slik du ser det?

–  Eg trur at Forskingsrådet trygt kunne sett av nokre midlar til tettare oppfølging av sentra, seier Eystein Jansen.

Og legg til:

– Vi opplevde det som utfordrande at den årlege summen ikkje vart inflasjonsjustert. Pengane våre sank i verdi, så samtidig som vi skulle ekspandere, blei økonomien berre strammare og strammare.

Fekk fredspris
«Bergenser fikk fredspris» skreiv NRK på nettsidene sine 12. oktober 2007. Bergensaren var Eystein Jansen, som var hovudforfattar på to av FNs klimapanel (Intergovernmental Panel on Climate Change, IPCC) sine rapportar.

Fredsprisen, den delte Eystein Jansen med Al Gore og omlag tusen andre IPCC-forskarar. Likevel: Fredsprisen og IPCC-samarbeidet fekk Bjerknessenteret til å skine.

– Hegemoniet i klimaforskinga var flytta til Bergen, seier Eystein Jansen.

På Bjerknessenteret gjorde forskarane også noko som andre forskingsmiljø hadde vegra seg for: Å bygge opp ein global klimamodell, som kunne koplast saman med empirisk forsking.

– Dette var arbeid som kravde tung kompetanse. Det hadde Bjerknessenteret.

Eit klekkeri for gode forskarar
Kompetansen som blei bygd har seinare kome andre institusjonar til gode. Bjerknesforskarane blei så gode at dei vann fram i den internasjonale kampen om faste stillingar ved UiB.

– Vi talde nylig kor mange forskarar som har gått frå Uni Klima og Bjerknessenteret til ei fast stilling ved UiB. Vi kom til 12 personar, seier Eystein Jansen.

Topp forsking frå eit middelmådig universitet
Kikki Flesche Kleiven er ein av desse forskarane.  Ho er i dag førsteamanuensis ved Institutt for geovitskap, og ein prisvinnande formidlar. Framleis reknast ho også blant Bjerknessforskarane.

– Det spelar inga rolle om du kjem frå eit universitet som ligg langt nede på rankinglistene over dei beste universiteta i verda. Du kan fortsatt nå verdstoppen innan ditt felt.

Slik summerer klimaforskar Kikki Kleiven opp den viktigaste lærdomen ho har med seg frå Bjerknessenteret. Ho kom til senteret i 2003. Eystein Jansen hadde vore hennar rettleiar på master- og doktorgrad.

Det var liksom ikkje så farleg å få kritikk

– Ein var aldri aleine
– Eystein Jansen var svært til stades som forskingsdirektør. Har var dyktig til å dele oss inn i tverrfaglege lag, som etter ei tid blei rista om på. Slik måtte vi samarbeide med kollegaer vi ikkje kjende så godt.

I kollegiet var alle med på å bygge opp Bjerknessenteret som merkenamn.

– Enten vi skulle skrive eit innlegg, halde eit foredrag, eller reise ut til skular, så gjekk vi saman ein liten gjeng. Vi delte gode powerpointpresentasjonar, fine figurar og gode formidlingstips.

Gruppene fungerte som ein kontinuerleg kvalitetskontroll, fortel ho

– Det var liksom ikkje så farleg å få kritikk. Eg trur ikkje dette hadde gått om ikkje vi var så unge, seier Kikki Kleiven.

Forskarane blei dermed vande til at nokon såg dei korta. Samtidig var dei eit lag.

– Vi backa kvarandre opp. Vi hjelpte kvarandre å nå langt.

Bjerknessenteret sin suksess fekk fram nokre av dei dårlegaste sidene ved akademia

Sjalusi og raske tilsettingar
Mens ei vitskapleg tilsetting ved eit universitet kan ta 18 månader, går det fortare i svingane ved ein SFF. Å sleppe å symje motstraums i eit langsamt byråkrati, har av mange blitt løfta fram som ein styrke ved SFF-ane.

– Vi fekk ting gjort. Og suksessen kom raskt, seier Kikki Kleiven.

Senteret publiserte, var synlege, hadde pengar.

– På UiB satt folk igjen og lurte på kva som skjedde. Førte SFF-en til at universitetet mista publikasjonspoeng? Kandidatar? Vi blei nok litt skult på, seier Kikki Kleiven.

– Opplevde du direkte misunning?
– Det var nok ein form for sjalusi. Bjerknessenteret sin suksess fekk fram nokre av dei dårlegaste sidene ved akademia. Og heilt utan grunn! Kvifor kunne ikkje kritikarane sjå at Bjerknessenteret sin framgang faktisk løfta heile instituttet? Lene seg tilbake og le heile vegen til banken?

Gløymde dei utanlandske forskarane
Kikki Kleiven ein arbeidsplass der alle måtte lære seg å formidle.

Alle måtte bli gode på å fortelje om kva vi forska på. Vi skulle også bli trygge på formidling til ålmenta, seier Kikki Kleiven.

– Bjerknessenteret sin suksess fekk fram nokre av dei dårlegaste sidene ved akademia, seier klimaforskar ved UiB og Bjerknessenteret, Kikki Flesche Kleiven. Foto: Ingvild Festervoll Melien

På eit felt kunne kollegiet på Bjerknes ha vore betre, meiner Kikki Kleiven.

Vi tok sikte på å vere eit internasjonalt anerkjent klimaforskingssenter. Det blei vi, og vi rekrutterte mange frå utlandet. Vi kunne kanskje gitt meir rom til dei utanlandske forskarane. Gitt norskopplæring, slik at dei også kunne vore meir i media. Ulikt fleire av oss andre, har ikkje så mange av dei blitt synlege, populærvitskaplege formidlarar.

Artikkelen er ein del av ein serie som ser på ordninga med Senter for framifrå forsking (SFF). Serien er produsert med støtte frå stiftinga Fritt ord. 

Dette er Bjerknes Center for Climate Research:

  • Bjerknessenteret for Klimaforskning er i dag eit av  Europas største naturvitenskapelige klimaforskningssenter, med 195 forskarar frå 37 land.
  • Bjerknessenteret fekk SFF-status i 2002/2003, og var dermed den første generasjonen norske senter med SFF-status.
  • Ved mitvegsevalueringa hadde senteret omlag 100 årsverk og eit årsbudsjett på 71,47 millionar kroner.
  • Sentererleiar under SFF-perioden var Eystein Jansen.
  • Tore Furevik tok over som direktør for Bjerknessenteret i 2014.
  • Bjerknessenteret sine forskarar skal flytte inn i den renoverte vestfløyen til Geofysen i løpet av 2017.
  • Forskinga på Bjerknessenteret inkluderer observasjonar, teori og simuleringar med klimamodellar av fortids-, notids- og framtidsklima.
  • Forskinga på senteret er fordelt på sju forskargrupper.
  • Bjerknessenteret er i dag støtta av Kunnskapsdepartmentet med ei årleg løyving på 25 millionar kroner. Støtta er gitt fram til år 2021.
  • Bjerknessenteret er involvert i arbeidet med FNs klimapanel (IPCC)  sine klimarapportar.
  • IPCC fekk saman med Al Gore Nobels fredspris i 2007.
  • Bjerknessenteret er det einaste forskingsmiljøet i Norden som leverte klimasimuleringar til IPCC sin fjerde rapport.
  • Eystein Jansen har vore hovudforfattar på fleire av hovudrapportane. Andre Bjerknesforskarar har også levert sentrale bidrag til IPCC.

Senter for Fremragende Forskning (SFF):

  • SFF-ordningen ble etablert av Norges forskningsråd i 2002.
  • Ambisjonen var å frambringe miljøer som kunne bli kandidater til en Nobelpris.
  • SFF er i dag Forskningsrådets viktigste virkemiddel for å fremme kvalitet i norsk forskning.
  • SFF-status tildeles for en periode på fem år av gangen, i maks ti år.
  • I dag er til sammen 21 sentre i drift.
  • SFF-status har blitt tildelt i tre runder: I 2002/03 ble tretten sentre opprettet. I 2007 kom åtte nye sentre til. I 2013 ble tretten nye sentre opprettet.
  • Sentrene blir midtveisevaluert etter 3,5 år.
  • Ingen norske sentre har så langt blitt terminert underveis i tiårsperioden.
  • I gjennomsnitt ble det i 2015 publisert 2,2 publikasjoner per vitenskapelig årsverk. Dette varierer sterkt fra senter til senter.
  • Hver SFF får i gjennomsnitt mellom 10 og 18 millioner kroner fra Forskningsrådet årlig. Dette utgjør om lag 20 prosent av sentrenes inntekter. Vertsinstitusjonene bidrar med penger og ressurser, og sentrene henter inn eksternfinansiering.
  • Tall fra 2015 viser at 21 prosent av de tilknyttede professorer og studenter er utenlandske.
  • Tre av SFFene er ledet av kvinner. Blant de vitenskapelig tilsatte i rekrutteringsstillinger er kjønnsbalansen jevnere: Tall fra 2015 viser at 48 prosent av postdoktorene er kvinner, 45 prosent av PhD-ene er kvinner.
  • Siden oppstarten i 2003 har de tre rundene med SFF-sentre fått innvilget 4, 420 milliarder kroner fra Forskningsrådet.
  • SFF-I hadde i gjennomsnitt et samlet årlig budsjett på 155 millioner kroner.
  • SFF-II har i gjennomsnitt et samlet årlig budsjett 80 millioner.
  • SFF-III har i gjennomsnitt et samlet årlig budsjett på 207 millioner.
  • Forskningsrådet mottok 150 søknader til SFF IV. Denne vil etter planen i gjennomsnitt ha et samlet årlig budsjett på 150 millioner kroner.
  • Søknadene er vurdert av et internasjonalt panel.
  • 34 søknader gikk videre til andre runde.
  • Hvem som får SFF-status i runde IV, ble klart i mars 2017.
Powered by Labrador CMS