Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Eit tokt til det ugjestmilde Irmingerhavet ga Bjerknes-stipendiat Friederike Fröb og oseanograf Are Olsen nye data om korleis djupvatn blir danna. Funna blir publisert i Nature Communcations torsdag.
At havet kan ta opp karbondioksid i fra lufta og frakte denne langt ned i djupet, har forskarane visst i ei årrekke. Bjerknes-stipediat Friederike Fröb og kollegaene hennar dro til det ugjestmilde Irmingerhavet for å observere næmare korleis dette faktisk skjer.
– Vi ville finne ut meir om korleis karbondioksidet frå atmosfæren blir transportert nedover i djupet. Dette skjer berre i enkelte om råder av havet, seier Friederike Fröb.
Funna blir publisert i Nature Communicatons torsdag.
Store bølger og sterk vind
Irmingerhavet, nord i Atlanteren, er eit av desse områda. Her tek det kalde overflatelaget i havet opp i seg gassar frå atmosfæren, før det sig ned i djupet.
Denne prosessen kan ein best observere på vinteren. Problemet er det det dårlege vêret, som gjer arbeidsforholda vanskelege.
I april la forskingsskipet G.O Sars ut frå Torshavn. Om bord var femten forskarar frå Bergen.
Dei var ikke sikre på å kome inn i Irmingerhavet. Sjøen var høg og vinden sterk.
– Vi prøvde å legge alternative planar. Då kom kapteinen til oss og sa at vi hadde ei lite luke vi kunne bruke til å gå inn i havet, før lågtrykket kom over oss igjen. Vi måtte vere effektive, seier Are Olsen, førsteamanuensis i kjemisk oseanografi. Han var toktleiar og er andreforfattar på artikkelen.
Glad for publisering i prestisje-tidsskrift
Dei var heldige, fortel Frederike Fröb. Data frå prøvene ho tok, viste meir omfattande djupvassdanning i Irmingerhavet enn tidlegare observert.
Funna vert omtalt i artikkelen “Irminger Sea deep convection injects oxygen and anthropogenic carbon to the ocean interior”.
Nyleg fekk ho beskjed om at artikkelen vert publisert i Nature Communications torsdag.
– Det er heilt supert at dei ville ha med artikkelen vår. Det var overraskande og veldig gledeleg, seier Friederike Fröb.
Utan havet hadde vi ikkje vore i nærleiken av å nå togradersmålet
Havet tar opp karbon frå menneskelege utslepp
I over hundre år har havforskarane vore opptekne av temperatur og saltinnhald. Først på 90-talet starta systematiske målingar av karbonopptaket. Sidan då har forskarane funne ut at karbonopptaket i havet varierer. Det same gjer oksygenopptaket.
– Utan havet hadde vi ikkje vore i nærleiken av å nå togradersmålet, seier Are Olsen,
Havet tar opp ein fjerdedel av karbona som kjem frå menneskeskapte utslepp verda over. Det utgjer 9,5 milliardar tonn CO2 kvart år.
Havet er også svært følsamt for klimaendringar. Misser havet si evne til å ta opp karbon, kan dette få store følgjer for livet på jorda.
– Det er mykje vi enno ikkje forstår. Men vi ser at dette området er sensitivt for klimaendringar, seier Are Olsen.
Han legg til:
– Foreløpig er det ingen teikn til at karbonopptaket i Nordhavet er i ferd med å stoppe opp. Vi ser også at den naturlege variasjonen er stor, seier Are Olsen.
Tokt-teamet Kjetil Våge, Are Olsen, Friederike Fröb, Emil Jeansson og Balamuralli Rajasakaren er nøgde med at artikkelen dei har skrive frå toktet i Irmingerhavet vert publiset i Nature Communications. Foto: Ida Bergstrøm