Erlend Moster Knudsen har løpt aktivt sidan tenåra, både orientering og langdistanse. Langs vegen håpar han mange nok vil interessere seg for prosjektet og kanskje tilby tak over hovudet for ei natt. Foto. Gudrun Sylte, Bjerknessenteret

Erlend skal springa til Paris

Publisert

Klimaforskar Erlend Moster Knudsen skal først springa frå Tromsø til Bergen, deretter frå London via Brussel til Paris og klimatoppmøtet der.

I desember skal FN ha klimatoppmøte i Paris. Hit kjem delegatar frå heile verda. To av dei kjem til den franske hovudstaden på litt uvanleg vis. Klimaforskarane Erlend Moster Knudsen og Daniel Price skal springa og sykla.

Det er Bjerknessenteret som skriv om dei to spreke forskarane.

Vil visa at dei ser faren
«Pole to Paris» heiter formidlingsprosjektet til dei to forskarane og kameratane. Knudsen tek på seg joggeskoa i Tromsø i august, og skal først springa til Bergen. Etter ein pause reiser han til London for å springa den siste etappen til Paris via Brussel.

Price set seg på sykkelsetetet frå Brisbane i Australia denne veka.

–  Dette er ikkje politisk aktivisme, sjølv om det er aktivisme i form av å få merksemd kring klimatoppmøtet. Me er klimaforskarar og ønskjer å visa at me ser faren i klimaendringane,  og kor viktig det er at verdas land blir samde om ein avtale for å dempe utslepp av klimagassar. Men me har ikkje noko meining om korleis dette bør gjerast, seier Erlend Moster Knudsen til Bjerknessenteret sine nettsider.

Han har disputert med ei avhandling om Arktis. Price forskar på Antarktis.

Foredrag undervegs
– Bakgrunnen for «Pole to Paris» er at både eg og Dan har ei kjensle av at me i det store og hele ikkje forstår alvoret av klimaendringane eller kor viktig det er å handle for å unngå dei verste konsekvensane, seier Knudsen.

På veg frå kvar sin utpost i verda skal dei delta på ulike arrangement og halda foredrag. Knudsen planlegg å besøkja både skular, verksemder og utdanningsinstitusjonar, og har med seg nettbrett, kamera og eit Pole to Paris-flagg. Det same flagget håpar han ein seglbåt kan frakta over Nordsjøen før han byrjar på siste etappe til Paris.

– Usedvanleg sprekt
Bjerknessenteret støttar prosjektet som eit formidlingsprosjekt fram mot klimatoppmøtet i Paris.

– Dette er eit usedvanleg sprekt formidlingsprosjekt som Bjerknessenteret er veldig glad for å vera med å støtte. Erlend kombinerer her sine store interesser, klimaforsking, formidling og løping,  og me vil med stor interesse følgja ferda hans frå Tromsø til Paris fram mot det viktigaste toppmøte om klima på veldig mange år.  Det hastar meir enn noko sinne å redusere klimagassutsleppa og gjera fattige land mindre sårbare for klimaendringane, og Erlend sitt bidrag vil gjennom auka merksemd på klimaproblemet vera med å dytte i rett retning, seier Tore Furevik, direktør ved Bjerknessenteret til senteret sine nettsider.

Powered by Labrador CMS