Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Det matematisk-naturvitskapelege fakultetet får pengar til nytt utstyr frå Forskingsrådet. – No får me gjort ting me elles ikkje kunne gjort, seier prodekan Jarl Giske.
Fredag kom meldinga om at Forskingsrådet deler ut 1,3 milliarder kroner til forskingsinfrastruktur, det vil seia forskingsanlegg, laboratorium, utstyr og databasar. Totalt 29 prosjekt får pengar, seks av dei skal leiast frå Bergen.
UiB er prosjektleiar for to: European Plate Observing System og FARLAB. Begge høyrer heime hos Det matematisk-naturvitskapelege fakultetet. I tillegg er miljø frå UiB med i andre prosjekt. Både Havforskingsinstituttet, NSD, Uni Research og Nofima har òg fått pengar til prosjekt som skal leiast frå Bergen.
– Me fekk ikkje alt me søkte om, det er miljø hos oss som er skuffa i dag. Men me fekk innvilga to av fire søknader, og vennene fåre fekk, så alt i alt er dette ein god dag, seier Jarl Giske.
Han er prodekan for forsking ved Det matematisk-naturvitskapelege fakultetet.
Overvaking av utslepp
Uni Research har fått pengar til å bygga opp ICOS Noreg. ICOS står for integrated carbon observing system, og er eit europeisk målenettverk for å overvaka utslepp av drivhusgassar.
– Endeleg, dette har vore ein lang prosess. No håpar me berre at me får alt me treng gjennom forhandlingane, seier Truls Johannessen, professor ved UiB og forskar ved Uni Research og Bjerknessenteret, til Bjerknessenteret si heimeisde. Det er Uni Research som er vertsinstitusjon for ICOS Norge.
Skal undersøka jordplater
Prosjektet FARLAB, som er knytt til Institutt for geovitskap, skal analysera isotopar i naturen, særleg i havet. Prosjektet får 16,6 millionar kroner. Det andre prosjektet UiB leiar er European Plate Observing System. 45 millionar kroner skal investerast i nye seismiske og GPS-stasjonar i Arktis og Nord-Noreg og i naudsynt e-infrastruktur.
– Ein skal undersøka rørslene i jordplatene, både via satellitt og via sensorar, seier Giske.
Han seier at løyvingane UiB no får, gjer at ein kan gjera ting ein elles ikkje kunne gjort.
– Samstundes kan me ikkje gjera alt me kunne gjort. Me har søkt om robotutstyr, men det må venta i køen.
Forskingsrådet fekk inn totalt 88 søknader. Samla søknadssum var 4,3 milliardar kroner.
700 av millionane som no er delt ut, går til forskingsanlegg som er spesielt relevante for næringsretta forsking.
– Aldri tidlegare har ei slik tildeling til forskingsutstyr, laboratorium og databasar vore så relevant for næringslivet. Me treng eit kunnskapsintensivt næringsliv, og forsking og kunnskap gir Noreg konkuransefortrinn, seier fungerande kunnskapsminister Elisabeth Aspaker til Forskingsrådet si heimeside.
60 millionar til e-infrastruktur
– Naturvitskap kan gjerast billeg, framfor ei datamaskin. Men dersom ein ønskjer å gjera nye observasjonar er det dyrt. Då krevst det samarbeid, og ein må gjera nokre strategiske prioriteringar, seier Giske.
Eit av prosjekta som no har fått pengar, er eit samarbeid mellom dei fire «gamle» universiteta. Uninett Sigma 2 AS står bak søknaden som no får 60 millionar kroner. Det handlar om å få ein e-infrastruktur for forsking.
– Den beste naturvitskapelege forskinga skjer når ein koplar det som skjer på lab og det ein kan gjera framfor ei datamaskin. Det er viktig at me får pengar til dette prosjektet, og no vert det ein ny konkurranse mellom miljø ved dei fire institusjonane om kor det er best å ha maskinene, seier dekan Helge Dahle.