Slik kan nye Nygårdsgaten 5 verta utvendig. Men kva skal innhaldet vera? Dei siste planane viser ein kostnad på ein halv milliard. Illustrasjon: Artec for UiB

Styret skeptiske til dyrare løysing for Nygårdsgaten 5

-Me har berre ein pengesekk, sa Bjørn Østbø då universitetsstyret var bedne om å auka løyvingane til Nygårdsgaten 5.

Publisert

Ombygging av Nygårdsgaten 5 skulle kosta 300 millionar. No er prislappen auka til 500 millionar. Då er det rett nok lagt inn planar om å rehabilitera ein større del av bygget enn det som først var tenkt.

Universitetsstyret var bedne om å vedta rehabilitering av bygget, der heile sentraladministrasjonen skal inn, i tråd med det som låg i saksframstillinga.

— Ser ein på dei summane som ligg i saka, er det ein kostnad på 35 000 per kvadratmeter. Me må vita kva me skal med dette bygget. Me har berre ein pengesekk, sa Bjørn Østbø.

Slepp å leiga

Dersom ein vel å gjera alt universitetsleiinga føreslær, vil UiB få ein auke i husleige på 15 millionar kroner i året. Samstundes peika universitetsdirektør Kjell Bernstrøm på at ein vil spara i internhusleige andre stader i UiB-systemet, fordi ein får frigitt andre lokale. Nokre bygg, der deler av sentraladministrasjonen sit i dag, kan ein truleg selja. Men det er ikkje bestemt kva bygg dette vert.

Dei må vita at dette ikkje er noko direktøren har kokt saman på bakrommet.

Dag Rune Olsen

— Ein vil òg kunne spara pengar ein har brukt på å leiga eksamenslokale andre stader, og ein vil kunne spara inn på utgifter til konferansar dersom ein har lokale til desse sjølv, sa Bernstrøm.

Som På Høyden skreiv før styremøtet, er planen å bruka deler av dei to sokkeletasjane til lokale for etter- og vidareutdanning. I tillegg er det lokale i bygget som vil kunne leigast ut. Her er UiB no i samtalar med Sammen.

Lurer på kva ein får att

Men Østbø fekk støtte frå fleire av styrerepresentantane.

— Dette er ein stor auke, som ein kan stilla spørsmål ved. Det ser ganske trygt ut, men kva er inni dei 200 millionane, spurte Kjersti Fløttum.

Bjørn Østbø var kritisk til pengebruken. Foto: Njord V. Svendsen

— Eg saknar ei konkretisering av kor mykje ein får att av dei 200 millionane, sa Petter Bjørstad, før Østbø sa at han er skeptisk til å rehabilitera for å leiga ut.

Rektor Dag Rune Olsen, som er styreleiar, sa at både kunnskapsdepartementet og kommunal- og moderniseringsdepartementet skal orienterast om saka.

— Dei treng eit styrevedtak, dei må vita at dette ikkje er noko direktøren har kokt saman på bakrommet.

Olsen sa at det viktige, slik han ser det, er å få samla sentraladminsitrasjonen. Han føreslo at styret vedtok rehabiliteringa, men at det skal verta lagt fram nye planar for gevinstrealisering og bruk av dei øvrige lokala i bygget.

Powered by Labrador CMS