Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Med det engelskspråklege magasinet Hubro International skal utanlandske studentar og forskarar få auga opp for universitetsbyen Bergen. – Ta Hubro med deg når du skal representere UiB, seier redaktør Sverre Ole Drønen.
For andre gang gjev kommunikasjonsavdelinga ut Hubro International. – Denne gangen har vi eit tema, slik vi har i den norske utgåva av Hubro. Som tema for denne utgåva har vi valt marin forsking, eit av dei primære satsingsområda til UiB, fortel redaktør Sverre Ole Drønen. – Vi vil vise at det finst ei breidde i den marine forskinga. Difor har vi besøkt den marine forskingsstasjonen på Espegrend. Vi har òg møtt forskar Nils Kolle og laga ei sak om strilekulturen, seier Sverre Ole Drønen. Intervju med Olsen Ida Blom og middelalderkart Den nye utgåva byr også på eit intervju med den internasjonalt kjende professor emerita Ida Blom, eit intervju som er omsett frå den norske utgåva av Hubro. Intervjuet med Ida Blom vart gjort i samband med stemmerettsjubileet. I magasinet finst det også eit kart over middelalderbyen Bergen, teikna i samarbeid med professor Geir Atle Ersland ved Senter for middelalderstudier. – Vi vil vise at dette er ein spanande by å vere i, som både har ein rik kultur og ein flott natur, seier Drønen. Vil du ha Hubro International til instituttet eller resepsjonen?
I den nye utgåva deler Dag Rune Olsen, nytilsett rektor ved UiB, sine visjonar for korleis han vil sette UiB på det internasjonale, akademiske kartet. Han fortel om korleis han vil tiltrekke seg internasjonale forskingsmidlar så vel som internasjonale studentar. Og om korleis UiB-forsking kan bidra til utvikling, mellom anna med deltaking i afrikanske prosjekt.
– Redaksjonen har vore opptekne av å vise fram den fulle breidda som finst på UiB. Alle fakultet er omtalt. Vi vil gjerne ha godt forskingsstoff, slik at internasjonale lesarar skal få eit innblikk i kva vi driv med på UiB, seier Sverre Ole Drønen.
Ta i så fall kontakt med redaktør Sverre Ole Drønen.
I Espegrend: Ph.d.-kandidat Bernadette Pree og postdoktorane Antonio Pagarete og Rakhesh Madhusoodhanan i arbeid på UiB sin forskingsstasjon. (Foto: Eivind Senneset)
Forskere ved UiB har funnet ut at sjødyret tunikat kan brukes som en fornybar kilde til biodrivstoff. Dyret kan også utnyttes til fiskefôr. (Foto: Inge Døskeland).