Blodprøve avslører kreft

Publisert

Ein ny og enkel blodprøve kan avsløre kreft på eit svært tidleg stadium. Haukeland er det einaste sjukehuset i Skandinavia som utfører testen.

På Nevrologisk avdeling på Haukeland Universitetssykehus i Bergen har forskarane utvikla ein ny og effektiv metode, for å avsløre ulike typar kreftsvulstar på eit tidleg stadium.

- Dermed kan pasienten bli kurert langt raskare. Svært mange blir friske igjen, seier professor og overlege Christian Vedeler til Bergens Tidende.

Blodprøven er rask, rimeleg og sensitiv, og kan påvise kreft både i bryst, lunger, eggstokkar, testiklar og lymfer.

Den nevro-onkologiske testen er utvikla med støtte frå Haukeland Universitetssykehus, Universitetet i Bergen og Den norske kreftforening.

Powered by Labrador CMS