Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
70 000 nordmenn har lasta ned appen Ordbøkene. No har appen om lag 4 000 daglege brukarar.
Totalt vart det gjort 45 millionar søk i Bokmålsordboka og Nynorskordboka i 2018. Kvart tredje av desse søka kom via appen Ordbøkene. Det kjem fram i ei pressemelding frå Språkrådet og Universitetet i Bergen.
UiB overtok ansvaret for ordbøkene samstundes med at dei fekk språksamlingane frå UiO i 2016. Hausten 2017 vart appen lansert, og er no lasta ned over 70 000 gongar. Dagleg er det opp mot 4 000 brukarar som nyttar ordboksappen.
– Det betyr mykje for oss å nå ut på digitale plattformer slik at særleg barn og unge får gode verktøy til å verta trygge språkbrukarar, seier Åse Wetås, direktør i Språkrådet, i pressemeldinga.
Wetås seier òg at Bokmålsordboka og Nynorskordboka er hovudkanalane Språkrådet har for å formidla normene i nynorsk og bokmål, og at det er gledeleg at dei vert brukt. Totalt har ordbøkene 125 000 søk dagleg.
– Lærarar har fortalt om elevar som ikkje har brukt ordbøkene på nett, men som nytta rappen. Me oppmodar fleire lærarar til å motivera elevane til å prøva ordbokappen, seier Margunn Rauset i pressemeldinga.
Rauset er hovudredaktør for revisjonen av ordbøkene.