Bologna: Vil styrke den sosiale dimensjonen

Publisert

I kommunikéet etter Bologna-møtet i Bergen skriv 45 europeiske land under på at dei vil gjere høgare utdanning likt tilgjengeleg for alle, same kva sosial eller økonomisk bakgrunn dei har.

Innanfor EU har dei fleste land innført eller har planar om å innføre skulepengar, så slik står Bologna-prosessen i kontrast til denne. Det vert også streka under i kommunikeet at det europeiske området for høgare utdanning skal stimulere til utveksling av studentar og tilsette frå andre verdsdelar.

Andre prioriterte område innanfor Bologna-prosessen fram mot 2007 er at det skal utarbeidast nasjonale rammeverk for kvalifikasjonar og det skal innførast system for evaluering av dei nasjonale kvalitetssikringsorgana. Vidare skal det leggast betre til rette for bruk av realkompetanse.

Å få systemet til å verke

– Dei første åra handla om å setje systemet på plass. No handlar det om å få det til å verke, sa Kristin Clemet på pressekonferansen etter at kommunikeet var i boks. Clemet uttrykte stor optimisme på vegne av Bologna-prosessen og sa at stemninga hadde vore svært god på møtet.

Ifølgje Clemet er det på konferansen gjort store framskritt når det gjeld krav til deltakarlanda om å få på plass eit likt gradssystem, kvalitetskontroll og godkjenning av kvalifikasjonar frå dei andre landa.

Clemet avviste at det er aktuelt med skulepengar ved norske universitet, sjølv om ho også understreka at studentar står i kø for å gå på universitet med høg studieavgift dersom desse universiteta har eit godt ry.


Må ha handel med utdanning

På spørsmål om ikkje Bologna-prosessen mest av alt er økonomisk motivert sa Clemet at vi må ha handel med utdanning, og at effektivitet og ikkje står i motsetnad til god kvalitet. Ho hevda også at måla vi spring etter i Bologna-prosessen er dei klassiske universitetsmåla. Ho meinte også at kvalitetsreformen har gjeve større autonomi for institusjonane og betre vilkår for studentane, men utelukka ikkje at vi kan få endå høgare kvalitet i utdanninga.

– Dette vil vi sjå nærare på når kvalitetsreforma skal evaluerast, sa Clemet.

På møtet vart fem nye medlemsland tatt opp i samarbeidet. Desse er Armenia, Aserbadjan, Georgia, Moldova og Ukraina. Til saman er no 40 land med i samarbeidet.

Powered by Labrador CMS