BORA klar til bruk

Publisert

I dag lanserer UiB publiseringsarkivet Bergen Open Research Archive (BORA). Arkivet skal gjere vitskaplege artiklar frå UiB-forskarar tilgjengelege for alle – og for alltid.

– Universitetsbibliotek verda over etablerer no publiseringsarkiv, eller ”institutional repositories”, der universiteta kan gjere forsking frå sin institusjon fritt tilgjengeleg samla på ein stad. Nyare undersøkingar syner at forskingsartiklar som vert lagt ut opent tilgjengeleg vert meir synlege og vert oftare siterte enn artiklar i tidsskrift ein må kjøpe tilgjenge til, seier Ole G. Evensen ved UB si tilvekstavdeling.

Dei fleste tillet dobbelpublisering

Etter press frå mellom anna fagmiljøa, tillet no fleire og fleire utgjevarar at forskaren parallellpubliserar artiklane sine i institusjonen sitt publiseringsarkiv. Ein eigen database med namnet SHERPA gjev oppdatert oversyn over fleire tusen tidsskrift, og kva policy utgjevarane av desse har når det gjeld open publisering i publiseringsarkiv.

– Forskarar kan altså godt publisere i tradisjonelle tidsskrift som ikkje er såkalla ”open access”, altså fritt tilgjengeleg for lesarane. Men då er det viktig å ha moglegheit til også å leggje artikkelen inn i opne publiseringsarkiv. Slik moglegheit gjev no rundt rekna 90 % av tidsskrifta, seier Evensen.

BORA har to hovudmål: Å gjere fagfellevurderte forskingsarbeid i fulltekst gratis tilgjengeleg for alle på web, og å syte for trygg langtidslagring av arbeida. Namnet Bergen Open Research Archive signaliserer dessutan ein langsiktig målsetting om også å inkludere andre forskingsinstitusjonar i Bergensområdet.


Lagring for framtida

Bibliotekar Elin Stangeland let På Høyden få ein demonstrasjon av BORA. Artiklane blir organiserte under dei einskilde faglege einingane ved UiB, og arkivet er søkbart både i metadata og i fulltekst. Nokre få einingar har fungert som pilotprosjekt, og lagt inn ulike typar publikasjonar.

– Kvar artikkel er også identifisert av ein slags elektronisk ISBN, som gjer at dei ikkje går tapt. Lenkene vil alltid vere der. På sikt vil Nasjonalbiblioteket vere back up for BORA, slik at om vår server skulle krasje, kan ein framleis finne objekta via Nasjonalbiblioteket, fortel Stangeland.

Metadata i BORA er lagt inn etter ein internasjonal standard for publiseringsarkiv som gjer det mogeleg for søkemotorar å hauste inn data frå desse arkiva. Ei slik søketeneste er OAISTER, som no haustar inn metadata frå 360 publiseringsarkiv. Dei fire norske universiteta har saman søkt om prosjektmiddel for utvikling av ei felles norsk søketeneste for kvalitetssikra vitskapleg informasjon


Kan publisere frå i dag

UiB er godt i rute med utviklinga av publiseringsarkivet, delvis fordi UB sidan hausten 2001 har drive ei teneste for elektronisk publisering av hovudfagsoppgåver og doktoravhandlingar – det såkalla STEP-prosjektet. Røynslene herifrå kom godt med då BORA skulle byggast opp.

– Nærare 400 hovudfagsoppgåver ligg no i den digitale samlinga til UB, fortel førstekonsulent Gaëlle Bozec, som har arbeidd med STEP sidan 2001.

Frå i dag er BORA open for einingar ved alle fakultet og forskingssentra ved UiB. Forskarar som allereie no vil publisere artiklar ved hjelp av BORA, må først sjekke om tidsskriftet som trykker artikkelen, tillet slik parallellpublisering. I så fall kan ein kontakte universitetsbiblioteket for å få lagt inn artikkelen. BORA kan også hjelpe forfattarane i kontakten med utgjevarane.

– Etter kvart tek vi sikte på, i samarbeid med dei andre universiteta, å få til ein interaksjon mellom BORA og FRIDA, det nasjonale forskingsdokumentasjonssystemet som alle forskarar no må halde seg til, opplyser Evensen.

– Men FRIDA er eit administrativt system som berre lagrar metadata om artikkelen. Vil du lese sjølve artikkelen, må du inn i BORA.

Systemløysinga som er valt for BORA, heiter DSpace og er ei open programvare utvikla ved Massachusetts Institute of Technology i samarbeid med Hewlett Packard. Det er IT-avdelinga som har ansvar for drifta av BORA, medan Universitetsbiblioteket er systemeigar.

Powered by Labrador CMS