Botanikkundervisning i Muséhagen

Publisert

I haust vil ei rekkje skuleborn vitje Muséhagen og få helse på alt frå kjøttetende planter til løytnantshjerte og apeskrekk. På Høyden var innom då ei av dei første gruppene, 5.trinn ved Kronstad Skole, jakta på meir eller mindre eksotiske blomar og blad.

- Finn fem blad. Minst eitt av dei må vere taggete, så skal de teikne dei og sjå om de kan finne ut kva dei heiter…

- Er vi nødt til å teikne blada vi finn?

- Nei, du kan skrive, men då blir det meir å skrive.

– Ja vel, då teiknar vi heller likevel?

”Kule blad”

Botanikklærar Rakel Edvardsen instruerer 27 unge gjester som er på ein dags vitjing i Muséhagen og dei naturhistoriske samlingane. Dagens kateter er rett framfor Karpedammane i hagen.

Det er Bergen Museum som har engasjert Edvardsen og ein annan mastergradsstudent i botanikk for å undervise skuleborna. Slik undervisning er ein del av muséets utadretta verksemd og kjem inn under den kulturelle skulesekken i Bergen.

Denne fredagen i Muséhagen spring ivrige elevar rundt i haustleg solskinn og kan velje mellom uendeleg med blad å teikne ned.

- Sjå så kule blad. Dei må eg plukke. - Å, sjå på dei, så fine. Dei ser ut som hjarte?

- Er de interessert i planter?

- Å ja, eg har nettopp fått ein liten plante på rommet mitt. Fekk han i går, fortel ei jente.

- Du, Rakel er dette eit taggete blad, forresten?


På hovudet i fiskedammen

Rakel må svare på mange spørsmål, og ikkje alt er knytt til botanikk.

- Du, Rakel kass fiskar é det egentlig i den dammen der?

- Du, Rakel har vi lov til å leke med springvannet?
- Nei, ver litt varsam med det, er du snill?

Fem minutt seinare er det likevel ein som har vaska håret i springvatnet, heldigvis er det 17 grader i lufta. Det var verre med eleven som datt uti ein av fiskedammane i Muséhagen tidlegare i veka og fekk heile hovudet under. Han vart ganske betutta, men han tok det fint, fortel Rakel Edvardsen.

For det kan bli ganske hektisk når oppunder tretti elevar skal lærer om blomar og andre vekster. Ifølgje Edvardsen fungerer opplegget best med grupper på rundt tjue ungar. Dagens gruppe på 27 er eigentleg litt mange for å få fullt utbytte.

- Med færre elevar blir det meire tid til undervisning og mindre jobbing med å halde ro, men for all del. Vi er glade for å ta i mot større klassar også, seier mastergradsstudenten.

- Utfordringa er å få dei tent på botanikk, samstundes er det litt vanskeleg å vite kunnskapsnivået. Førebels må vi føle oss litt fram, men det går veldig bra. Dei fleste elevane er entusiastiske og dei er veldig flinke til å reflektere over ting.


Lærer om apeskrekken

I tillegg til uteundervisninga, der elevane får høyre litt om historia til hagen, om treet som heiter apeskrekken, om andre trær, om ulike typar blad, om blomar, om Lommetørkletreet og eksotiske planter i veksthuset, har elevane óg undervisning inne. Der lærer dei mellom anna litt om korleis plantene har fått namnet sitt, kva som er giftige planter, etande planter, lukt, lyd, smak og eventyrforteljing om eit løytnantshjarte.

Det er veldig stor interesse for tilbodet frå Bergen Muséum som går fram til midten av oktober. Nesten alle dagane i haust er booka. Tilbodet startar opp att i slutten av april – og vil vere eit permanent tilbod frå år til år.


Appetittvekkande

- Eit kjempetilbod, meiner, Marianne Almli og Jartrud Eidheim Elseth som er lærarane til Kronstadelevane. Dei kom over høvet til å bli undervist i Muséhagen då dei var inne og sjekka kultursidene til Bergen kommune.

- Vi skulle ha planter som tema – og dette kunne ikkje ha passa oss betre. Påmeldinga fungerte heilt ypperleg, etter to dagar fekk vi svar med dato og alt. Å komme til eit anna miljø er alltid kjekt. Når elevane i tillegg får møte ei ung og svært kunnskapsrik jente trur vi dette er svært appetittvekkande for elevane – og kan stimulere interessa for naturfag, seier Jartrud Eidheim Elseth.

Opplegget er laga av Barnas hus på oppdrag frå Bergen Museum og rettar seg mot elevar frå 2. til 6.klasse.

Powered by Labrador CMS