Bøtelegg seine studentar

Nederlandske studentar som ikkje fullfører utdanninga i tide, kan frå 1. september vente seg ei bot på 3000 euro.

Innføringa av den kontroversielle bota har skapt furore. No er diskusjonen høglytt mellom politiske parti og studentorganisasjonane. Dette melder University World News.

Politisk storkrangel
Den økonomiske sanksjonen er kalla langstudeerboete, og er meint som eit insentiv for å få studentane til fullføre utdanninga på normert tid. Samstundes skal universiteta unngå å bruke pengar på studentar som tek samme fag fleire gonger. Den vil ramme dei som er eit år eller meir forseinka med studiane.

I opposisjonen har det vore sterk motstand mot lova. Men usemje mellom opposisjonspartia om korleis og kva tid lova skal tre i kraft skal vere bakgrunnen for at studentane no må innrette seg på å betale for låg progresjon.

– Løftebrudd
– Dette er pinleg. Politikarane ga oss eit løfte om at lova ikkje skulle innførast dette året likevel. Så bryt dei dette løftet berre dagar seinare, seier Jan Boers, leiar for studentorganisasjonen LKvV til University World News.

Lova vart vedteken i fjor etter ynskje fra koalisjonsregjeringa samansett av The Christen Democrat Appeal (CDA), dei liberale People’s Party for Freedom and Democracy (VVD), og støtta av ytre høgre-partiet  Party for Freedom (PVV).

 

Powered by Labrador CMS