Svein Atle Skålevåg er førsteamanuensis ved institutt for arkeologe, historie, kultur- og religionsvitskap. Han har forska på psykiatrien si historie i mange år.

Spørsmål om utilreknelegheit kan få Brageprisen

Publisert

22. juli-rettssaka motiverte historikar Svein Atle Skålevåg til å skriva bok om utilreknelegheit og korleis psykiatarane har erobra strafferetten. Denne veka kan det gje han Brageprisen.

– Eg synest sjølvsagt det er kjekt å vera nominert. Sjølv om eg kjente til Bragprisen, er det ikkje ein pris som har lege långt framme i bevisstheita mi. Helst meiner eg vel at faglitteratur, som annan litteratur, egnar seg sånn måteleg for konkurransar. Men altså, det er alltid kjekt å bli sett pris på, seier Skålevåg.

UiB-forskaren er nominert i kategorien sakprosa med boka «Utilregnelighet», som tar for seg utilreknelegheitsomgrepet i eit langt, historisk perspektiv. Boka byrjar i middelalderen og sluttar med 22. juli-rettssaka i 2012.

– Kva var bakgrunnen for at du ville skrive boka?

– Eg har jobba med relaterte tema lenge. Det går tilbake til då eg skreiv doktorgrad, som handla om sjukdomsomgrepet i psykiatrien, og utforminga av sinnsjukomgrepet. Så byrja eg å sjå nærare på rettspsykiatrien og sakkunnige, seier Skålevåg. 

Men det var rettssaka etter 22. juli i 2012 som gav ideen om ei eiga bok næring.

– Eg blei motivert av diskusjonen om utilreknelegheit i den rettssaka. Eg tenkte det kunne vera allmenn interesse for temaet, og bestemte meg for å skriva ei bok om det, som går breitt ut til folk.  

Les også: Menneske og straff

<<Månesjuke>>
Den eldste utilreknelegheits-saka Skålevåg har med i boka er frå 1324, då Ragnhild Tregagás frå Fusa kasta trolldom på ein gift mann, som enda opp med å bli impotent grunna trolleriet.

I dokumenta står det at ho var «månesjuk», og difor ikkje fekk vanleg straff. Ho blei idømt botsstraff av biskopen, og måtte legga ut på pilegrimsferd.

– Det er starten på ein lang tradisjon, der nokon ikkje vart sett på som opphavet til sine handlingar. I middelalderuniverset er det vanleg å førestilla seg at dei var forheksa og ikkje kunne styra seg sjølve.

– Dei blei mellom anna kasta på vatnet for å sjå om dei flaut eller sokk. Dei fleste trudde på magi på den tida, så dei måtte ha ein metode for å skilja mellom dei som snakka sant og dei som ikkje gjorde det, seier Skålevåg.

– Definisjonsmakt til psykiatrien
I dag er det den som er psykotisk på gjerningstidspunktet som vert rekna som utilrekneleg.

Det blei utbreitt å tenka at den som var sinnsjuk ikkje kunne straffast

– Det gjev stor definisjonsmakt til psykiatrien, og den blir retten sin viktigaste hjelpar i spørsmålet om å avgjera kven som er psykotisk.

Det var på tidleg 1800-tal at psykiatri oppstod som medisinsk disiplin og profesjon. Den fann også vegen inn i retten.

– Omgrepet sinnsjukdom blir ein grunnstein i psykiatrien og sentralt i strafferetten. Det blei utbreitt å tenka at den som var sinnsjuk ikkje kunne straffast. Det blei oppretta lovverk, behandlingsapparat og ein vitskap rundt omgrepet.

Ein får også ein eigen utilreknelegheitsparagraf i kriminalloven av 1842.

– Der blir omgrepa galne og avsindige nytta om dei som er utilreknelege. Paragrafen er ny, men terminologien er eldre. Det blir mykje diskusjon rundt kva paragrafen eigentleg betyr. Det var alt anna enn klart korleis psykiatrane skulle tolka desse omgrepa. Den dominerande medisinske tolkinga av kriminalloven oppfatta galne og avsindige som synonym til sinnsjuke.

Svein Atle Skålevåg presenterte boka i Forum for vitskap og demokrati førre veke. 

Frå semje til usemje
Utover 1900-talet blir omgrepet sinnsjuk mindre brukt, og «mental helse» tar over.

– På 1900-talet blir norma at psykiatrane er einige, det blei eit sterkt fellesskapstrykk når det gjeld tilreknelegheit. Det var sjeldan usemje mellom psykiatrane. Rolla var institusjonalisert, og ein opptredde med psykiatrar i par. Dei uttala seg ikkje som individ, men på vegne av kollektivet.

Men i 2012 kjem det eit brått skilje med denne semja, då 22. juli-rettssaka finn stad. Det blir det oppnemnd to nye psykiatrar etter at dei to første sakkunnige erklærte Anders Behring Breivik for utilrekneleg.  

– Det er ikkje første gong det har skjedd at ulike psykiatrar har trekt ulike konklusjonar Men dette hadde mykje større offentleg søkjelys enn tidlegare. Det sat retten i posisjon til å avgjera utilreknelegheitsspørsmålet sjølv. Dei måtte skilja den «gode» sakkunnig-rapporten frå den «dårlege».  

 Utilreknelegheit er ikkje lik psykisk sjukdom frå eit strafferettsleg perspektiv

– Dei gjorde dei med hjelp av det psykiatrisk diagnosesystema DSM og ICD. Domstolen brukte diagnosesystemet som fasit, når han slutta seg til dei to siste sakkunnige, seier Skålevåg.

Mindre skjønn
Han fortel at det kom ein diskusjon i kjølvatnet av dette, kor det vart sagt at jussen tok tilbake makt frå psykiatrien, og at det var slutten på det medisinske regime.

– Mi tolking av denne saka er litt annleis, fordi domstolen støttar seg så tungt på psykiatrien, i form av den kollektive psykiatrien, diagnosesystemet. Det som skjer i denne situasjonen, er ikkje at juristane tar makta tilbake får psykiatrien, men at domstolen set tilbake medisinsk skjønn, og erstattar det med bokstavtru lesing av ein psykiatrisk manual, seier Skålevåg.  

Linda Grøning er professor i strafferett ved det juridisk fakultet, og kommenterte boka til Skålevåg i Forum for vitskap og demokrati ved UiB førre veke. 

– Me har gått frå eit tid kor psykiatrien i mindre grad var involvert, og kor ein i mindre grad brukte medisinske omgrep og reglar, til i dag, kor me bruker omgrepet psykotisk, som har ei tydeleg medisinsk referanseramme, seier Grøning.  

Handlar om skuldevne
Ho understreker også at omgrepet utilreknelegheit ikkje er lik psykisk sjukdom frå eit strafferettsleg perspektiv.

– Ein seier at utilreknelegheit har med psykisk liding å gjera, men eg tenker at utilreknelegheit har med skuldevne å gjera, altså sjølve evna til å vera strafferettsleg ansvarleg for si handling. Barn under 15 år er også utilreknelege etter gjeldande rett. Barn blir ikkje haldne ansvarlege sjølv om dei gjer handlingar som i utgangspunktet bryt med straffeloven, fortel juss-professoren.

Ho seier det likevel er sterke argument for å ha eit medisinsk prinsipp, og å ha reglar som peiker ut enkelte tilstandar som er presist angitte i loven. 

– Alternativet er at loven er meir vag. I Danmark står det at den som er sinnsjuk og difor utilrekneleg, ikkje kan straffast. Der skal dommaren avgjera frå gong til gong kva som er tilstrekkeleg for ikkje å bli straffa.

Professor Linda Grøning (f.v.) og postdoktor ved sosiologisk institutt ved UiB, Ingrid Rindal Lundeberg under møtet i Forum for debatt og demokrati førre veke. Her var boka til Skålevåg og ulike perspektiv på tilreknelegheitsproblematikken eit tema.   

Vanskeleg emne
Grøning trur juristar gjerne er litt redde for å gå for nært inn på temaet.   

Eg trur kanskje psykose-vilkåret er gått ut på dato.

– På rettsvitskapleg nivå ser det ut til at det aller meste som blir skrive om utilreknelegheit i Noreg i dag, er skrive i Tidsskrift for Den norske legeforening eller psykologforening, og lite i juridiske tidsskrift. Me juristar kjenner oss kanskje litt ukomfortable med å diskutera omgrepet, dei færraste juristar veit kva det vil seia å vera psykotisk.

– Til sjuande og sist er spørsmålet normativt. Skal me bebreida dette mennesket? Er det rimeleg, er det rettferdig? Det er ei vanskeleg avgjerd, seier Grøning. 

Ho er likevel ikkje sikker på om psykose-vilkåret burde brukast lenger

– Eg er for ein regel som definerer utilreknelegheit presist, i form av vilkår om gitte sjukdoms- eller avvikstilstandar som kan tilseia ultilreknelegheit. Men eg trur kanskje psykose-vilkåret er gått ut på dato. Sinnsjuk-omgrepet gjekk ut av tida fordi det blei sett på som stigmatiserande. Spørsmålet er i dag om det kan vera stigmatiserande å kopla psykose til manglande skuldevne i strafferetten. Eg trur ikkje ein kjem utanom at sakkunnige er involverte i rettssaker. Juristar og sakkunnige må jamvel gjera det dei er gode på – og reglane bør vera slik at skilje mellom juss og medisin blir synleg, seier juss-professoren.

Kva slags psykiatri skal råda?
Det er ikkje berre eit spørsmål om kva innflytelse psykiatri skal ha i strafferetten, men kva for type psykiatri som skal ha innflytelse, meiner Skålevåg.

– No favoriserer ein bestemte former for psykiatri. Det handlar om eit forhold mellom psykiatri som er deskriptiv, og psykodynamiske retningar som er mindre opptatte av å diagnostisera, og meir opptatte av å forklara. Dei som identifiserer seg med den siste retninga, er på vikande front.  

Boka gjev ingen svar på korleis utilreknelegheitsproblemet i strafferetten bør løysast, men Skålevåg håpar og trur den kan gje meir innsikt i kvifor det er eit vanskeleg spørsmål.

Om han får Brageprisen blir kjent onsdag, då den skal delast ut i Dansens hus i Oslo. Anne Helene Guddal, stipendiat i litteraturvitenskap ved HF, er også nominert til prisen i kategorien skjønnlitteratur med diktsamlinga Døden og andre tiggere.

Brageprisen

  • Brageprisen deles ut av stiftelsen Den norske bokprisen, og har som formål å hedre gode norske forfatterskap, samt skape interesse for norsk litteratur. 
  • Stiftelsen som ble etablert i 1992, ledes av et styre, og et bredt sammensatt brageråd tar hånd om de praktiske sidene ved prisutdelingen.
  • Brageprisen deles ut i kategorien skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, sakprosa og åpen klasse, som fastsettes årlig
  • I tillegg deles det ut en hederspris. 
  • Årets Brage­priser deles ut på Dansens hus i Oslo 23. november.

Kilde: Den norske bokprisen

 

Powered by Labrador CMS