Då alarmen gjekk på Studentsenteret måtte alle evakuerast, og kunne snakke saman i eit kvarter. Difor må no 36 studentar som leverte etter alarmen ta eksamen på nytt.

36 studenter må ta ny eksamen på grunn av brannalarm

Publisert

Ein student klaga på eksamensavviklinga etter avbrot på grunn av brannalarm. No må studentane ta ny eksamen til hausten.

Onsdag 25. mai var 59 studentar i ferd med å ta eksamen i faget <<Nordisk: Moderne språk>>, frå klokka 0900 til 1500. Men like før klokka 1330 gjekk brannalarmen, og alle blei evakuerte. Studentane ble ståande utan tilsyn i eit kvarter under alarmen. 

Brannalarmen gjekk på grunn av ein teknisk feil i eit sprinklaranlegg, og var ikkje utløyst av nokon manuelt. 

Då feilen var funnen og bygget klarert, fekk studentane vende tilbake til eksamen, med 30 minutt ekstra tid. Etter eksamen har ein av studentane som deltok på eksamen klaga på avviklinga. Klagen er no handsama av Den sentrale klagenemnda ved UiB, som ga studenten rett. Alle dei 36 studentane som leverte eksamen etter evakueringa må difor ta ny eksamen i august, mens dei 23 som leverte før den ufrivillige pausen slepp. 

– Det er veldig leit at studentane som leverte sin eksamen må ta han på nytt. Vi vil sjå på interne rutinar for korleis vi kan hindre dette for framtida, seier viserektor for utdanning, Oddrun Samdal, i ei pressemelding. 

Studentane som er råka blir kontakta direkte. 

Powered by Labrador CMS