Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Først ved 1800-tida i går kveld var dei fleste datasystema til UiB oppe igjen etter brannen. Leiinga er likevel nøgde.
Brannen oppsto ca. 1245 i samband med at to elektromontørar frå Bravida skulle skifte batteribanken til naudstraumen til UiB, ein såkalla UPS (uninterruptible power supply). Då dei nye batteria skulle koplast inn blei det ein kraftig elektrisk brann eller eksplosjon. Montøren som gjorde det hadde til alt hell hjelm med visir på seg då dette skjedde. UPS-rommet og resten av bygget blei raskt evakuert, og Bergen brannvesen rykka ut med tre bilar.
Deretter tok det ei del tid med utlufting før dei tilsette kunne komme tilbake til alle andre etasjar enn 4. etasje, der det hadde brent.
– Både IT-avdelinga og eigedomsavdelinga gjorde ein formidabel innsats for å få ordna opp i dette, seier universitetsdirektør Kjell Bernstrøm, som sette krisestab etter hendinga.
Diskar øydelagde
Etter ein del venting fekk UiB-tilsette slippe inn igjen på sørver-romma, og kom i gang med arbeidet med å sjekke straumforsyning og skader. Deretter kunne dei starte opp att dei kring 400 sørverane til UiB.
– Dei siste gjekk heim i åtte-nitida, og då var det aller meste oppe, fortel IT-direktør Tore Burheim.
– Nokre av systema var oppe og køyrde heile tida. Men til dømes eposten var oppe heile tida, for han ligg på to ulike sørverar, seier Burheim.
Ein del fysiske diskar er øydelagde, men ingen data skal vere tapt.
– Sjølv om ein fysisk disk ryk, så forsvinn det ikkje masse filer for det, fortel Burheim.
Kostnadsvurdering
IT-avdelinga valde å ikkje bruke reserveløysinga, som er reserve-sørverar i Realfagbygget. Denne løysinga tar det ein til to timar å få opp. Men ho gir mykje ekstraarbeid i etterkant.
– Om vi hadde slått over hadde det tatt mykje lengre tid før vi var oppe igjen med normal drift, for det er ein kjempejobb å synkronisere dette tilbake, seier IT-direktøren.
– Er fem timars nedetid for dei fleste systema godt nok?
– Dette er ei rein kostnads- og risikovurdering. UiB har ikkje sett nokre absolutte krav til oppetid. Liv og helse går alltid foran, men det er lite av det styrest av IT-systema ved universitetet som går i denne kategorien, seier Burheim.
Ikkje eit kritisk tidspunkt
Universitetsdirektør Kjell Bernstrøm fikk melding om brannen berre få minutt etter at det hadde skjedd.
– Vi hadde beredskapsleiing på plass i løpet av 45 minutt, fortel Bernstrøm, som måtte rykke ut frå Christiekonferansen.
Han meiner at dei tok dei riktige avgjerdene, blant anna ved å la vere å bruke reserveløysinga.
– Det er ganske arbeidskrevjande å få systemet tilbake igjen til normalen om vi bruker reserveløysinga. Men hadde dette skjedd under ein heilt kritisk fase, så hadde vi køyrd opp anlegget på Realfagbygget.
Førre fredag var det til dømes frist for å søkje gjennom Samordna opptak, og mange mulege studentar brukte timane før fristen til å orientere seg blant alle tilboda. Eksamensavvikling og finansieringssøknader er andre kritiske aktivitetar.
– Det var ein søknadsrunde til Forskingsrådet klokka 1300, og eit avgrensa tal studentar hadde eksamen. No skal vi sjølvsagt evaluere dette litt skikkelig, men så langt tyder alt på at ting har fungert slik dei skal, fortel Bernstrøm.
Brannen vil bli rutinemessig etterforska av politiet, opplyser eigedomsdirektør Even Berge.