Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Kva prioriteringar vert viktige dei neste ti åra, spurte kunnskapsminister Kristin Halvorsen. Breidde, svarte UiB, Uni Research og Helse Bergen.
– Ein må ta vare på det særeigne ved universiteta. Ein må sikra grunnforsking, mangfald og breidde. Det sa prorektor Anne Lise Fimreite då kunnskapsminister Kristin Halvorsen besøkte UiB måndag. Bakgrunnen for besøket var den nye tiårsplanen for forsking og høgare utdanning, som vart varsla i Forskingsmeldinga tidlegare i år. – Må løysa problem me ikkje kjenner – Ein må få ei ordning som gjer at begge partar tener på eit samarbeid. Vidare treng me ei føreseieleg finansiering og tenlege styringssystem – ikkje overrapportering, sa Fimreite. Ho fekk støtte frå Aina Berg, administrerande direktør i Uni Research. – Kva kunnskap treng ein i framtida? Det ein kan seia om det, er at ein treng ein kunnskapsberedskap – me vil måtte løysa problem me ikkje kjenner i dag. Me treng difor menneske som kan analysera og ta til seg ny kunnskap, sa Berg. Ho nemnde klimaendringar, energibehov, matproduksjon og pleie og omsorg som viktige felt framover. – Eg er matematikar, og når eg ser på dei eg studerte saman med, ser eg at dei har jobbar innan svært ulike felt. Me er med andre ord som poteter. Ein må for all del ikkje bygga ned dei klassiske faga, sa Berg.
Fimreite, som representerte UiB under møtet, la vekt på at ein i framtida vil trenga meir tverrfagleg innsats frå forskarane. Ho ønskjer seg klynger av kunnskapsaktørar, og meiner ein må ha ei arbeidsdeling mellom universiteta, institutta og randsona.
Anne Lise Fimreite, Aina Berg, Ole-Erik Lerøy og Stener Kvinnsland kom med gode råd til kunnskapsminister Kristin Halvorsen. Dei vil ta vare på breidda – men Lerøy meiner at ein òg må vera best til noko. Begge foto: Hilde Kristin Strand
Spesialisering eller breidde?
Også Stener Kvinnsland, administrerande direktør ved Haukeland universitetssjukehus, snakka om breidde.
– Framover kjem det til å handla mykje om desentralisering versus sentralisering, forebygging versus reparasjon og spesialisering versus breidde. Dei siste åra har det vorte meir og meir spesialisering i helsevesenet. Det er utfordrande – det ser me til dømes i beredskapstenesta ved små sjukehus, sa han.
Kvinnsland tok til orde for meir kunnskapsbaserte tenester, meir biomedisnisk forsking og meir kunnskapsbasert utdanning.
– Eit lokomotiv
Men kan ein satsa på breidde åleine?
Nei, meiner Ole-Erik Lerøy, administrerande direktør i Marine Harvest.
– Ein må vera best på noko, elles vert det kjedeleg, sa han.
Lerøy viste til at UiB allereie er leiande når det kjem til marin forsking. Det meiner han at ein bør utnytta.
– Bergen er verdas laksehovudstad – og UiB er motoren. Universitetet kan vera eit lokomotiv og trekka til seg dei beste forskarane. Det finst folk der ute som ein kan få tak i – det er dårlege tider i mange europeiske land, sa Lerøy.
Tek gjerne alle pengane
Kunnskapsministeren ville ikkje koma med konklusjonar etter møtet, men var godt nøgd med det ho fekk høyra.
– Det er på mange måtar eit sunt teikn at ein ber om meir pengar, for det betyr at ein ikkje har tenkt å legga seg i stabilt sideleie, kommenterte ho.
Muntert kunne ho fortelja at når regjeringa har budsjettkonferanse, plar ho seia at ho godt kan ta alle pengane, så skal det verta ei ordning.
– Eg har jo ansvar for både barnehage, grunnskule, vidaregåande opplæring og høgare utdanning og forsking. Men då pip dei andre litt – dei vil ha eit par tog og slikt.
Meir alvorleg sa Halvorsen at sektoren må rekna med å slåst for pengane, og at det er viktig at ein klarar å visa kva det betyr å vera kunnskapsbasert. Ho viste til at målet på sikt er at tre prosent av brutto nasjonalprodukt skal gå til universitets- og høgskulesektoren. Den offentlege delen skal vera éin prosent, no er han 0,92.
– Men den private finansieringa ligg litt lågt. Me manglar eit avansert teknologiselskap som finnane til dømes har i Nokia. Framover vert det viktig med kunnskapstørst i alle sektorar – det vil vera med på å avgjera om me framleis skal vera eit rikt land. Og me må hugsa på at me er ein liten del av verda sin kunnskapskapital, sa Halvorsen.