Breidde eller strategi – det er spørsmålet

Publisert

Skal ein lysa ut opne stipendiatstillingar for å få mest mogleg fagleg breidde? Eller skal ein knytta stillingane til strategiske satsingar?

Dette diskuterte fakultetsstyret ved Det samfunnsvitenskapelige fakultet tidlegare denne veka. Bakgrunnen var at styret skulle vedta fakultetet sitt budsjett for 2013. I saka låg forslag om å fordela fem postdoktorstillingar og ti stipendiatstillingar.

Tre frie stillingar
Ei postdoktorstilling og to stipendiatstillingar skal lysast ut som frie. Postdoktorstillinga er knytta til Institutt for sosialantropologi og stipendiatstillingane er knytta til Sosiologisk institutt og Institutt for økonomi.

Dei andre stillingane er knytta til spesielle prosjekt:

Ei postdoktorstilling ved Institutt for sammenlignenede politikk knytta til medborgarpanelet, ei stipendiatstilling hos Institutt for informasjons- og medievitenskap knytta til automatisert innhaldsanalyse og ei postdoktorstilling ved same institutt knytta til studie av vitskapleg publisering og akademisk skriving.

Vidare vart det oppretta ei postdoktorstilling hos Sosiologisk institutt og tre stipendiatstillingar hos Institutt for geografi, Institutt for sammenlignende politikk og Institutt for sosialantropologi – alle knytta til IMER (Internasjonal Migrasjon og Etniske Relasjoner).

Utviklingsforsking får ei stipendiatstilling ved Institutt for geografi, Demokrati og rettsstat får ei stipendiatstilling ved Institutt for administrasjon og organisasjonsvitenskap og Institutt for sosialantropolgi får ei stipendiatstilling knytta til forsking om marin ressursforvaltning. I samband med forsking på konkurransepolitikk får Institutt for administrasjon og organisasjonsvitenskap ei postdoktorstilling og Institutt for økonomi får ei stipendiatstilling.

Ville ha opne stillingar
Hans-Tore Hansen, som representerer dei fast vitskapleg tilsette, var den første som stilte spørsmål ved om ein heller burde ha fleire stipendiatstillingar som var breiare lyst ut.

Han fekk støtte fra Helle Sjøvaag, som representerer vitskapleg tilsette i mellombels stilling.

– Opne stillingar er den beste garantien for fagleg breidde, sa ho.

– Dette er eit klart dilemma. Ein må ha ein samla strategi for å styrka forskinga. Samstundes er forskingsnettverk viktig for både stipendiatar og postdoktorar, sa Lise Rakner, som representerer dei fast vitskapleg tilsette.

Budsjett: 250 millionar kroner
I debatten vart det òg peika på at sjølv om fire av stillingane er knytta til IMER, er dei likevel forholdsvis vide.

– Tidlegare har me i noko større grad hatt opne stipendiatstillingar. Men no har IMER teke initiativ til å utvikla undervisningssamarbeidet mellom institutta. Det er viktig å ta vare på viljen til å satsa tverrfagleg. IMER har òg vist svært god evne til å få inn eksterne forskingsmidlar, og det er stor breidde i fagmiljøet, sa dekan Knut Helland.

Fakultetet sitt samla budsjett er på 250 millionar kroner. I tråd med forslaget vart det òg oppretta 4,5 fast vitskapleg stilling, slik På Høyden skreiv at det truleg ville verta gjort.

Hans-Tore Hansen (i midten) var den første som stilte spørsmål ved at så mange av postdoktor- og stipendiatstillingane er knytta til spesielle prosjekt. Foto: Hilde Kristin Strand

 

Powered by Labrador CMS