Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
IT-tenestene for heile UiB skal styrast sentralt etter 1.januar 2006. Først ut er SV-fakultetet og Hf-fakultetet som skal inn i det nye systemet frå 1.juni 2005.
Det er Universitetsstyret som har vedteke at brukarstøtte knytt til IT skal ivaretakast av IT-avdelinga sentralt. IT-direktør Tor Bu trur at det vil bli eit betre system for brukarane.
Problem med it-systemet skal heretter meldast til Brita, som er namnet på IT-avdelinga si brukarstøtte. Administrasjonen har nytta dette systemet i eitt år allereie. Systemet med personlege kontaktar blir dermed historie.
– Mitt inntrykk er at vi gjennom Brita kan gje meir profesjonell brukarstøtte. Tidlegare var det større sjanse for at sakene vart liggande. No får UiB-tilsette saka si registrert og får tildelt ein IT-konsulent som har plikt på seg til å følgje opp saka, seier Tor Bu.
Han seier at det er viktig at brukarane held seg orientert om den informasjonen IT-avdelinga legg ut på Internett og oppmodar alle tilsette til å ha ei fast lenkje til IT-avdelinga på mi side på intranettet.