– Det er ei omseggripande misnøye i Europa, seier professor Bruce Kapferer.

Kva skjer med likeverdet når økonomiar kollapsar?

– Vest-Europa er samansett av ulikskapane sine, seier sosialantropolog Bruce Kapferer. Han har fått 20 millionar i Advanced ERC-grant for å forske på kva det eigentleg er som skapar skiljelinjer av likskapar og forskjellar.

Professor Bruce Kapferer sin søknad om støtte til prosjektet «Egalitarianism: Forms, Processes, Comparisons» har gått rett heim hos European Research Council (ERC). Over ein prosjektperiode på fem år skal Kapferer og eit team av etablerte forskarar, doktorgradskandidatar og postdoktorar sjå nærare på egalitære strukturar, prosessar og verdiar. 

– Prosjektet famnar svært bredt. Hovudpoenget er å utforske omgrepet egalitarianisme i ein vestleg samanheng, seier Bruce Kapferer.

Eig vesten ideen om likeverdet?
Mange forbinder tankegodset knytt til omgrepet egalitarianisme med ideane frå opplysningstida.

– Egalitarianisme har vore eit sentralt omgrep i Vesten sidan opplysingstida. Det handlar også om forholdet mellom individet og staten, om likestilling mellom kjønna og om forholdet til kyrkja, seier Kapferer.  

Ideane om den vestlege egalitarianismen er eit av dei sentrale punkta som prosjektet vil dreie seg om. Men vart ideen om menneska sine grunnleggande rettar; som frie, opplyste og likeverdige deltakarar i samfunnet, verkeleg skapte under opplysningstida? Kan ein med rette hevde at ideen om likeverd er ein vestleg konstruksjon?

– Både i islam og i buddhisme finn vi store egalitarianistiske idear, seier Kapferer.

– Misnøye i Europa
Prosjektet har eit globalt samanliknande perspektiv, og skal gå inn i korleis skilnader og likskapar skaper djupe og grunnleggande linjer i samfunnet. I prosjektet vil forskarane også sjå nærmare på kva det er som fører til ulikskapar i eit samfunn.

– Det er ei omseggripande misnøye i Europa. Det har vekse fram til dels store, økonomiske skilnader mellom folk, seier Kapferer.

Kva desse skiljelinjene gjer med mennesket er noko av det Kapferer vil dykke djupare ned i. Han vil sjå på dei vestlege likskapsideane i lys av andre samfunn med andre politiske og økonomiske strukturar.

– Politisk prosjekt
Bruce Kapferer vil sjølv ta del i feltarbeida, som saman med fleire ph.d.-kandidatar og postdoktorar skal gjerast i mellom anna Europa, Australia og Nord-Amerika.

– Det er eit djupt politisk prosjekt som er svært aktuelt. I Europa i dag vert det eit stadig større gap mellom stor fattigdom og rikdom, seier Edvard Hviding, professor og nyleg avgått instituttleiar ved Institutt for Sosialantropologi ved Universitetet i Bergen til UiB Aktuelt.

Sosialantropolog i verdsklasse
Bruce Kapferer er rekna som ein av dei store nestorane innan sosialantropologi, og har vore ved Universitetet i Bergen sidan 1999. Han har tidlegare mellom anna forska på etnisk identitet, nasjonalisme og vald.

– Bergen er ein god base å ha. Universitetet er lite nok til at det er lett å utvikle nettverk. Men det er også stort nok til å ha ein viss styrke, seier Kapferer.

 

ERC Advanced Grants:

For å få Advanced Grants må ein ha ein solid «10 year track record», samt omfattande erfaring med å leie store prosjekt.

Berre seks prosjekt ved UiB har tidlegare fått Advanced Grants.

Dette er første gong ein søknad frå Det samfunnsvitskaplege fakultet går heilt til topps.

Powered by Labrador CMS