Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Når fleire av dei tilsette ved Institutt for biologi snart går av med pensjon, vert ikkje stillingane erstatta. Pengane skal i staden brukast til undervisning.
I løpet av dei neste åra går ti av dei femti tilsette ved Institutt for biologi over i pensjonistane sine rekkjer. Berre halvparten av dei vil verta erstatta. Det fortalte instituttleiar og professor Anders Goksøyr i utdanningsutvalet denne veka. Pengane vil i staden verta brukt til å halda fram det arbeidet som allereie er i gang ved instituttet. – Me har no eitt felles bachelorprogram for biologi, og me treffer studentane allereie i første semester, sa Goksøyr. Biologi frå dag ein – Me ønskjer å treffa studentane allereie i første semester. Det gjer me no, no er det obligatorisk å ta emna innføring i økologi og evolusjon då. I tillegg kjem innføringskurs i matematikk og kjemi. I andre semester kjem ex phil, i ein variant som er tilpassa biologi, fortalte Goksøyr. I studieplanen heiter det at det er ex phil-varianten for biologi som er tilrådd, men at andre variantar av ex phil òg vert godtatt. Biologisk institutt vart danna ved at Botanisk institutt, Institutt for fiskeri- og marinbiologi, Institutt for mikrobiologi, Zoologisk institutt og Senter for miljø- og ressursstudier vart slått saman. – Me ønskjer å ha meir undervisning i lab og felt. No jobbar faga saman. Det vert meir samarbeid og meir sosialt, men samstundes meir logistikk med store grupper, sa Goksøyr. Han sa at han syntest faget var i ferd med å verta for teoritungt. Difor er det gjort fleire endringar. Instituttet har eit budsjett på 100 millionar kroner og femti tilsette. Ut i felt i første semester Instituttet tilbyr i dag tre bachelorgrader; i biologi, i havbruksbiologi og i miljø- og ressursfag. Neste prosjekt er å straumlinjeforma masterprogramma i større grad. – Dei reviderer me no. Me har mellom anna redusert den totale emneporteføljen vår, frå 90 til 70, fortalte instituttleiaren. Biologistudentane får prøva seg i felt allereie det første semesteret. Ex phil er flytta til andre. Biletet er frå den marinbiologiske stasjonen ved Espeland. Arkivfoto: Paul Sigve Amundsen
Goksøyr var i utdanningsutvalet for å fortelja om røynslene med å flytta ex phil.
Allereie i første semester får studentane no koma ut i felt. Rett nok ikkje så langt, dei reiser til dømes til Akvariet. Men Goksøyr meiner det er viktig at dei allereie då får kjenna litt på faget. Å få biologifag tidleg, meiner han òg kan gjera at talet på dei som sluttar vert mindre.