Tore Tungodden er styreleiar i Khrono. Foto: Njord V. Svendsen

Nord går inn i Khrono

Notert: Nord universitet ønskjer å gå inn i Khrono.

Publisert

Nord universitet ønskjer å gå inn i Khrono. Universitetet har styremøte onsdag, og får då ei orienteringssak som seier at universitetsleiinga meiner at Nord universitet bør gå inn i samarbeidet. Kommunikasjonssjef Andreas Førde seier til Khrono at det førebels ikkje er klart kor mykje pengar universitetet skal gå inn med. Khrono-styret, som er leia av Tore Tungodden, assisterande universitetsdirektør ved UiB, hadde sitt første styremøte 27. febrar. Der vart det vedteke at det skal lysast ut stillingar som redaksjonssjef i Oslo og Bergen, samt ei journaliststilling i Brussel. Khrono har no eit samla budsjett på 14,9 million kroner.

Powered by Labrador CMS