Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Eit styremedlem skal ha underslått over 160 000 kroner frå kassen til Bergen Student-TV (BSTV). Organisasjonen håper å halde fram drifta, trass i det store tapet.
Det grove underslaget skal ha blitt utført av eit styremedlem i perioden februar til august i år, og vedkommande skal både ha tatt ut kontantar, kjøpt varer til privat bruk og overført pengar til sin eigen konto.
– Saka er meld til politiet og under etterforsking. Vi er i kontakt med jurist for naudsynt bistand. Den skulda er ikkje lenger knytt til Bergen Student-TV, skriv BSTV i ei pressemelding.
– Vi baserer oss på tillit til einskildpersonar i organisasjonen, og alle er studentar, fortel dagleg leiar Yasmin Moussavi.
Ansvarleg redaktør i BSTV er tilsett med 130 000 kroner i løn for ti månader, mens teknisk sjef og dagleg leiar får 15 000 kroner i semesteret i løn. Alle dei andre jobbar gratis. For 2015 har BSTV fått 295 000 kroner av Velferdstinget, men har få andre inntekter.
Dermed er kring halvparten av budsjettet for 2015 borte, og det blir utfordrande å dekke alle utgiftene.
– Det er absolutt fare på ferde for den videre driften. Men vi gjør alt vi kan for å halde fram produksjonen. Vi er heilt avhengige av støtta vi får frå Velferdstinget, seier Moussavi.
Eit underslag av denne storleiken vil vanlegvis bli rekna som grovt, noko som har ei strafferamme på maksimalt 6 års fengsel. Om ein blir domfelt for grovt underslag vil straffa normalt bli fengsel utan vilkår.