Lobbar UiB inn mot Hordalandsbenken

Publisert

UiB har kontakt med ein eller fleire politikarar frå hordalandsbenken kvar veke. Måndag var nokre av dei i Bergen.

– Det høyrest kanskje rart ut, men det er meir krevjande å få til møte med hordalandsbenken i Bergen enn i Oslo, seier Rune Indrøy.

– Dei er oftare samla i Oslo, så dei fleste møta me har med dei, skjer på Stortinget.

Hordaland har 16 plassar på Stortinget. Måndag skulle 11 av politikararne koma til Bergen og UiB, men ymse omstende gjorde at det til slutt berre seks som kom. Ruth Grung (Ap), Kjersti Toppe (Sp), Tom-Christer Nilsen (H), Ove Trellevik (H), Liv Kari Eskeland (H) og Torill Eidsheim (H) vart vist rundt, først i Media City Bergen og deretter på Marineholmen og Skeivt arkiv, før dagen vart avslutta med presentasjonar på Muséplass og middag i Knut Fægris hus.

Attraktive utdanningar

På Marineholmen fekk politikarane mellom anna treffa to studentar frå den ferske sivilingeniørutdanninga innan sjømat og havbruk. Karianne Framlund og Lars Thomas Ånneland Larsen er i gang med det andre året. Dei håpar at ein relevant jobb ventar på dei i den andre enden.

– Trur de dette er ei utdanning fleire unge vil ta? Ein del av presseoppslaga knytt til oppdrettsnæringa er negative, spurte Grung.

– Det skal me fiksa, svarte Framlund med eit smil.

Fleire av utdanningane knytt til institutt for biovitskap har gode søkjartal, kunne professor Sigurd Stefansson fortelja.

Professor Rolf Birger Pedersen presenterte noko av det Norsk Havlaboratorium jobbar med. Eit hav av moglegheiter og eit hav av utfordringar, kalla han det.

Imponert

– Me er ikkje her for å kosa oss, då kunne me like gjerne gått på kino. Me er på jobb, og dei me møter er på jobb, seier Ove Trellevik (H).

Han seier at då UiB ba om eit såkalla benkemøte vart ein samde om at ein ville vera i Bergen denne gongen.

– Då kan me sjå det me snakkar om, me kan ha litt tid på kvar plass og me kan få høve til å stilla spørsmål, seier Tellevik.

Han var særleg imponert over det han fekk sjå i Media City Bergen.

– Eg er overraska over at ein har klart å få så mykje utav det. Det stadfestar at klyngetankegangen er rett, seier Tellevik.

Han likar òg det han ser på Marineholmen.

– Det er eit fantastisk godt miljø der. Eg har vore fleire gongar hos BTO, og kvar gong møter eg nye gründarar. Dei viser både kunnskap, pågangsmot og har gode idear, seier Høgre-politikaren, og legg humrande til:

– Eg har heile livet prøvd å koma på ein god idé, men eg har ikkje lukkast.

 Vil visa breidda

Rune Indrøy er underdirektør ved universitetsdirektøren sitt kontor, og har eit særleg ansvar for kontakt med styresmaktene. Slik kontakt har han kvar veke.

– Me har sjølvsagt kontakt med dei ulike komiteane på Stortinget, men eg prøver òg å halda tett kontakt med hordalandsbenken. Dette er heimfylket deira, og eg opplever at dei er opptekne av UiB og det som skjer her. Det som er spesielt med stortingspolitikarane frå Hordaland er dessutan at det er veldig god kontakt og tett samarbeid mellom dei ulike partia, seier Indrøy.

Han seier at UiB prøver å få til to møte med hordalandsbenken i Bergen i året. Då er målet å visa fram dei ulike sidene ved breiddeuniversitetet. Å be om pengar er ikkje det fremste målet.

– Me er veldig medvitne om at me ikkje skal be om pengar kvar gong me møter politikarane. Me ber om det når me har spesielle prosjekt eller ser at det er moglegheiter, men vel så viktig er det å halda politikarane løpande orienterte, seier Indrøy.

Samstundes er det ikkje tilfeldig kva deler av UiB som vert vist fram når. Denne gongen var det Media City Bergen, som er nytt, Skeivt Arkiv, som fleire hordalandspolitikarar var med på å jobba fram, og Bjerknes-senteret og Medborgarpanelet, som politikarne ifølgje Indrøy har vore interesserte i.

– I tillegg var me på Marineholmen. Marin klynge er for tida ei av UiB sine viktigaste satsingar, seier Indrøy.

Uformelle samtalar

Denne gongen varte møtet med politikarane nesten ein heil dag. Det er uvanleg mykje.

– Me fekk til og med tid til å avslutta med ein middag. Dei uformelle samtalane er vel så viktige som dei offisielle møta. Eg opplever at politikarane frå Hordaland er flinke til å ta kontakt med UiB og dei stiller opp når me ber om det, seier Indrøy.

Han håpar å få til eit nytt møte med hordalandsbenken i Bergen i løpet av våren.

Powered by Labrador CMS