Det juridiske fakultetet har færre tilsette per student enn mange andre fakultet. No kan dei få ekstra pengar til faste, vitskapelege stillingar. Arkivfoto: Jan Kåre Wilhelmsen

Styrkar juss

Publisert

Det juridiske fakultetet får ni millionar ekstra fordelt over dei neste tre åra. Det er tilrådinga i budsjettet for 2015, som universitetsstyret skal diskutera torsdag.

– Det juridiske fakultetet har i realiteten vore underfinansiert gjennom svært mange år. Ekstraløyvinga på tre millionar kvart år dei neste åra kjem difor svært godt med.

Det seier Berte-Elen R. Konow, som er prodekan ved Det juridiske fakultetet.

I budsjettdokumentet står det at ein legg opp til ei styrking av basis med tre millionar kroner som skal bidra til å auka fakuletet sin vitskapelege stab og slik betra fakultetet sitt forholdstal mellom førelesarar og studentar. Intensjonen er å følgja dette opp med tre nye millionar både i 2016 og 2017, altså totalt ni millionar kroner.

– Det er snakk om faste, vitskapelege stillingar, seier fungerande økonomidirektør Kirsti Robertsen Aarøen.

Vil lysa ut fire stillingar
Konow seier at det i fakultetet sin strategiplan er tre fagområde som er trekt fram som særleg viktige å satsa på, nemleg konkurranserett, strafferett og formuerett.

– Mykje av undervisninga vår skjer i form av arbeidsgrupper og storgrupper dei tre første åra, og gjennom seminarundervisning dei to siste åra av studiet. I faget kontraktsrett I har me rett og slett ikkje kunna gitt tilbod om gruppeundervisning på linje med dei andre faga, seier Konow.

I fakultetsstyret førre veke vart det vedteke å lysa ut ein til to faste stillingar innan strafferett og straffeprosess, og ein til to stilingar i formuerett. Dekan og fakultetsdirektør meinte i utgangspunktet at ein burde lysa ut fem stillingar, men på grunn av usikkerheit knytt til fakultet sin økonomi, landa styret på fire.

– Er tre millionar nok?

– Tre millionar over ein treårsperiode rekk ikkje til å tilsetja så mange personar som fakultetet har behov for. Utgiftene til stillingane fakultetsstyret no har vedteke å lysa ut, vil vera meir enn tre millionar kroner. Fakultetet må difor dekka resten sjølve, seier Konow.

Alle må kutta
UiB sitt grunnbudsjett er på vel 2,9 milliardar kroner. I tillegg er målet for bidrags- og oppdragsaktivitet gode 850 millionar kroner. Tilskotet frå Kunnskapsdepartementet aukar med 6,9 prosent, 5,1 dersom ein held løyvinga til utstyr ved Universitetsmuseet utanfor. 3,3 prosent av auken er knytt til løns- og prisvekst. Fakulteta og einingane får difor om lag det same å rutta med som i fjor, men ein pris- og lønskompesasjon på tre prosent. Samstundes må ein kutta. Frå regjeringa si side er det lagt opp til eit avbyråkratiseringskutt. Dette er på 0,5 prosent, og gjeld heile statleg sektor. Regjeringa har signalisert at det vil koma eit slikt kutt kvart år framover, heiter det i sakspapira.

UiB må då kutta 14,3 millionar kroner i det som vert kalla effektiviseringskutt. Dette vert delt, slik at fakulteta må kutta med 0,5 prosent, Universitetsmuseet og Universitetsbiblioteket må spara 0,2 prosent, og administrasjonen og IT-avdelinga to prosent. I tillegg legg universitetsdirektøren opp til eit strategikutt på totalt 30,9 millionar kroner. Her må fakulteta kutta 1,5 prosent og Universitetsbiblioteket og Universitetsmuseet 0,75 prosent. I budsjettdokumentet heiter det at strategikuttet skal finansiera nye tiltak innanfor UiB sitt totalbudsjett.

– Dette gjer me for å ha pengar til øyremerka tiltak. For å få råd til noko, må me kutta noko anna, seier Aarøen.

Tre millionar ekstra til museet
Frå staten si side ligg det, som På Høyden har skrive, inne pengar til rehabilitering av bygg. Håpet er at UiB kan få 16-17 millionar av dei i alt 85 millionane som er øyremerka. UiB får òg 13,7 millionar til det som vert kalla «framifrå miljø».

– Det er ikkje bestemt korleis desse midlane skal brukast, seier Aarøen.

I septembermøtet handsama styret ei sak om ny organisasjonsplan for Universitetsmuseet. Museet ba den gongen om å få auka budsjettet med sju millionar kroner, som skulle gå til i alt seks leiarstillingar. Vedtaket frå det møtet, vart at universitetsdirektøren legg opp til ein auke av museet si grunnløyving. Denne er føreslege til tre millionar kroner i 2015.

 

 

Dekan Asbjørn Strandbakken og prodekan Berte-Elen R. Konow kan gle seg over ekstra midlar. Arkivfoto: Dag Hellesund
Powered by Labrador CMS