Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Det medisinsk-odontologiske fakultetet går mot eit underskot på 32 millionar kroner. Det vil gjere dei neste åra trongare.
Ein økonomirapport som viser eit venta underskot på 32 millionar kroner blei lagd fram på fakultetsstyremøtet 20. november.
– Vi styrer skuta etter føresetnadene som har vore, men dei har endra seg undervegs. Både på institutt- og fakultetsnivå må vi ha ein plan for å komme nokolunde i vater, sa dekan Nina Langeland på styremøtet.
Fleire av medlemmene i det nye styret fann det problematisk at fakultetet går mot ein stor minus:
– Eg synest det er vanskeleg å at ein økonomirapport til etterretning med eit så stort underskot. Det verkar som om dette svingjar som fleskeprisen i Egypt, så det er vanskeleg å vite kva det kjem til å bli i løpet av året, sa Eyvind Rødahl.
Endra satser ga minus
Dei økonomiske rammene har mykje å seie for økonomien til eit fakultet, forklarer konstituert fakultetsdirektør, Inger Hjeldnes Senneseth.
– Fakultetet har både ei inntektsside og ei utgiftsside, og det er ikkje alltid vi har kontroll over dei samtidig. Vi har mellom anna fått redusert satsane på rekrutteringsstillingane våre, og dette har slått inn på mange stillingar samtidig, fortel Senneseth.
Dermed kan sjølv mindre justeringar av satsane få store konsekvensar.
– Før var det differensierte satsar, slik at stipendiatar på MOF, Mat.Nat. og psykologi fekk meir. Dei to siste åra har satsane vore reduserte, men no aukar dei igjen, fortel Senneseth.
I tillegg har Klinisk institutt 1 og Klinisk institutt 2 hatt større lønskostnader enn budsjettert.
– Vi har mellom anna hatt ein del stillingar som hadde fått rekrutteringsstipend frå Bergens forskningsstiftelse. Då desse blei etablert gjekk ein ikkje inn og forsikra seg om at desse hadde ei permanent finansiering, seier Senneseth.
Bortfall av gaveforsterkingsordninga og auka bidrags- og oppdragsfinansiert aktivitet (BOA) har òg vore medverkande til underskotet.
Vil skjerme forsking og utdanning
Fakultetsstyret på MOF signaliserte at den beste løysinga truleg var å spare inn underskotet over tre år.
– Vi vil leggje det opp slik at hovudoppgåvene, forsking og utdanning, ikkje skal bli rørt, og heller ta det inn på andre ting. Vi får ta det over fleire år. Vi er eit stort fakultet med mange aktivitetar, så vi får tenkje på kva aktivitetar vi set i gang. Og så må vi og leggje det opp slik at det ikkje slår inn på tilfeldige fagmiljø, seier Senneseth.
Skuldast ikkje «Framtidas fakultet»
I 2012 blei det og underskot på fakultetet, den gongen på 12,1 millionar kroner. Fakultetet legg opp til eit budsjett på kring 590 millionar kroner inkludert eksterne midlar i 2014, men det endelege budsjettet blir først vedteke i universitetsstyremøtet 11. desember.
Prosessen med «Framtidas fakultet», der åtte institutt blei redusert til fem, har ikkje hatt noko å seie for økonomien, meiner Senneseth.
– Etter prosessen hadde vi nokre tilsette som skulle gå av, og som ikkje vil bli erstatta. Men samtidig hadde vi ein del stillingar i tilsetjingsplanen som ikkje var fylt opp, men som er det no.