Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
UiB bør be om pengar til å riva det gamle odontologibygget, er tilrådinga frå administrasjonen. Samstundes håpar ein å få pengar slik at rehabiliteringa av Nygård skole endeleg kan byrja.
–Det er mykje å gjera med bygget, og me må nok riva inn til betongen uansett. Dersom ein riv bygget, står ein friare til å finna planløysingar som passar til bruk i framtida. Men det er styret som må konkludera, understrekar eigedomsdirektør Even Berge.
I morgon skal universitetsstyret handsama ei sak om budsjettet for 2016. Kunnskapsdepartementet har bede om forslag til budsjettsatsingar, og det som har fått namnet Campus Årstadvollen, er blant prosjekta UiB ber om pengar til.
–Me har fått laga eit enkelt skisseprosjekt. Tanken er at ein kan laga ei samfunnsmedisinsk helseklynge. I første omgang skal Institutt for samfunnsmedisin, nokre miljø frå Uni Research, psykologi og Statens folkehelseinstitutt flytta hit, seier Berge.
Riving kostar 35 mill
Men planane er større. I styresak 42/14, prioritering av større byggprosjekt 2015-2020, står det at ein ved å bruka tomten frå det gamle odontologibygget saman med parkeringsplassen mellom Årstadveien og Alrek, vil kunne få 20.000 kvadratmeter.
–Her kan UiB samla helsefaglege miljø og i samarbeid med Helse Bergen og andre aktørar utvikla eit leiande og samla miljø og i samarbeid med Helse Bergen og andre aktørar utvikla eit leiande og samla miljø for helsefagleg forsking og undervisning, står det i saka frå i vår.
I første omgang ber UiB om 35 millionar kroner. Desse pengane skal brukast til å riva odontologibygget. Finansiering av det framtidige prosjektet er ikkje klar.
– Men me ser mellom anna for oss eit samarbeid om å dekka leigekostnadane, seier Berge.
Eit anna prosjekt, som UiB no ventar på at skal koma inn på Statsbygg si liste, ber ein òg om pengar til i 2016. Det er rehabiliteringa av Nygård skole, der Griegakademiet held til. 50 millionar kroner er summen som er lagt inn på ønskelista.
–Det har vore diskutert om UiB sitt eige eigedomsselskap skal ta kostnadane med Nygård skole. Men det vil gi universitetssamfunnet ein ekstra kostnad på 40 millionar kroner. Det er ein stor del av budsjettet vårt, seier Berge.
Håpet er difor at prosjektet kan verta finansiert over statsbudsjettet.
–Eg har berre seks års fartstid ved UiB. Men eg har sett litt på dette, og det ser ut til at ein kan venta seg eit Statsbygg-prosjekt om lag kvart sjette år, og eitt om gongen. Det betyr at me alle no er skuffa over at Universitetsmuseet så langt ikkje har fått pengar over statsbudsjettet for 2015, seier Berge.
Ekstraløyving?
Men kanskje kan det ordna seg for Griegakademiet likevel.
–Me kan ikkje venta, det er grunnhaldninga mi. No er me i køen etter museet. Men det er litt ulike pengar det er snakk om, førebels treng me pengar til eit forprosjekt. Det er ikkje utenkjeleg at kunnskapsdepartementet kan setja det i gang, uavhengig av statsbudsjettet, seier Frode Thorsen, som er er instituttleiar ved Griegakademiet.
Thorsen har hatt møte med hordalandsbenken i Stortinget, og mellom andre rektor og eigedomsdirektør har hatt møte med departementet.
– Når dei høyrde at me ser for oss andre typar finansiering av både Årstadvollen og Entek-bygget, var dei opne for å vurdera å løyva pengar til eit forprosjekt for Nygård skole. Men dei har ikkje lova noko, understrekar Berge.
Øyremerka til vedlikehald
I statsbudsjettet for 2015 ligg det inne 85 millionar kroner til rehabilitering av bygg i universitets- og høgskulesektoren. Berge håpar at UiB sin del av dette kan verta 16-17 millionar. Nokre av dei pengane vil han bruka på realfagbygget.
Bygget i Allegaten står nemleg òg på lista over dei bygga UiB ønskjer pengar til.
– Her trengs det ei oppgradering. Men me kan ikkje stengja ned bygget, me må gjera arbeidet i fasar. Planen er at me kan klara oss utan Statsbygg, og kanskje få ei ekstra pengeløyving dersom det vert eit spleiselag. Då kan det gå kjappare òg, håpar Berge.
– Er situasjonen for realfagbygget mindre kritisk enn for Nygård skole?
– Det kjem nok litt an på kven du spør. Ventilasjonskapasiteten er strekt så langt som det let seg gjera, så det er ikkje plass til fleire laboratorium. Men tanken er jo at når Entek-bygget kjem, kan det avlasta. Så nei, eg ser ikkje på situasjonen for realfagbygget som like kritisk som for Nygård skole, seier Berge.
– Me opplever at UiB viser at ein vil satsa. Det vert gjort noko oppussing, mellom anna vert fasaden pussa opp, og me har fått fleire lydisolerte rom. Det er òg lagt inn to millionar kroner til utstyr i 2015. Men eg vert svært uroa dersom bygget vert ståande som det er no år etter år, seier Thorsen.