Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Helsingfors universitet må kutta nesten 50 millionar euro i år. 1200 tilsette kan mista jobben.
Finland sin økonomi har vorte dårlegare dei siste åra. No opplever universitets- og høgskulesektoren eit rasjonaliseringskutt. Dette skriv Forskerforum. Dei finske styresmaktene har gjort som dei danske: Kutta kraftig i posten til forsking og utdanning.
Helsingfors universitet ser ut til å måtte kutta om lag 50 millionar euro, det vil seia om lag 480 millionar kroner.
– I løpet av fem år reknar me med at me vil måtte kutta minst hundre millionar euro, seier Thomas Wilhelmsson til Forskerforum.
Han er kanslar ved universitetet.
Truleg må stillingar kuttast, utan at Wilhelmsson førebels vil seia så mykje om det.
– Men me vil verta nøydde til å nytta ostehøvelen og skjera over både dei teknisk-vitskapeleg tilsette og vitskapeleg personale.
I verste fall må 1200 tilsette gå. Ved Aalto-universitetet reknar ein med at opp mot 350 tilsette miser jobben og ved Østre Finland Universitet rundt 200. Det opplyser Riku Matilainen, som er spesialrådgivar hos Forskarförbundet i Finland, til Forskerforum.
Wilhelmsson er redd for at finnane taper ein generasjon forskarar. Han seier at det allereie er vanskelege kår for både doktorandar og postdoktorar, og er redd for at mange av desse vil finna seg noko anna å gjera når situasjonen i akademia er som han er.
Samstundes ser han at noko må gjerast med sektoren.
– Me har for mange universitet og høgskular i dette landet. Sidan det ikkje finst noko politisk vilje til å legga ned nokre av dei, er den einaste politiske løysinga at ein fusjonerer og spesialiserer seg. Dei sterke kutta kjem nok til å tvinga oss vidare i den prosessen, seier Wilhelmsson til Forskerforum.