Studentar frå årets kurs på Skjebergnuten ved Vatnahalsen. Kurset varer ein månad, og inneheld i tillegg til 80 timar undervisning mange sosiale aktivitetar. Kursansvarleg Atle Kristiansen i midten framme. Foto: privat

Vil kutta sommarkurs

Publisert

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium har arrangert sommarkurs i norsk språk og kultur for utanlandske studentar sidan 1964. No kan det vera slutt.

– Sommarkurset vert i utlandet sett på som ein institusjon. Mange i nordistikkmiljøa i utlanet forbind UiB nettopp med dette kurset, seier Atle Kristiansen.

Han er universitetslektor ved Instiutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE), og har sidan 1988 hatt ansvar for sommarkurset «Norsk språk og kultur». Kvar juli kjem det 60 utanlandske studentar, som studerer norsk eller skandinavistikk i heimlanda sine, til UiB for å læra meir. Dei vert delt inn i grupper etter nivå, og dei tek eksamen før dei reiser heim etter ein innhaldsrik månad.

Men dei 60, frå 25 ulike land, som var i Bergen i sommar, kan vera dei siste som får dette tilbodet. Når fakultetsstyret ved Det humanistiske fakultetet skal handsama forslaget til budsjett for neste år, står sommarkurset på kuttlista.

– Tøff situasjon
Som På Høyden tidlegare har skrive, har HF dårleg økonomi. Mellom anna interne omfordelingar og effektiviseringskutt er deler av årsaka til at fakultetet truleg går inn i 2016 med eit underskot på mellom ti og femten millionar kroner. Det betyr at det ikkje vil vera rom for nye stillingar, og postdok-stillingane som var oppretta i 2013, vil verta fasa ut. Samstundes er det fleire ting fakultetsleiinga føreslær å kutta: I tillegg til sommarskulen vil ikkje fakultetet lenger betala for ein utvekslingsavtale mellom Senter for kvinne- og kjønnsforsking og Duke university. Dei vil frigi Fastings Minde for å få ned husleigekostnadane, dei vil avgrensa reise- og seminarverksemd, og fakultetet vurderer òg medlemskapet i utanlandssentra.

– Den økonomiske situasjonen er tøff, seier dekan Margareth Hagen.

– Me dreg med oss underskotet, men vil betala det i avdrag. Det har me allereie vore i kontakt med universitetsleiinga om.

Hagen seier at når mellom anna sommarkurset og avtalen med Duke står på kuttlista, er det fordi fakultetet må.

– Me vil skjerma kjerneverksemda, forsking og utdanning, så langt som råd. Både sommarkurset og avtalen med Duke er noko me meiner er tilbod ikkje berre for HF, og som bør løftast til sentralt hald.

Institutta har kome med sine innspel til neste års budsjett. Fleire av dei er uroa etter at dei i vår fekk beskjed om at ikkje alle stillingar vert erstatta etter naturleg avgang. Institutt for framandspråk skriv at «instituttet har eit driftsbudsjett som er utilstrekkeleg til å takla utfordringa med å gje eit forsvarleg tilbod på undervisningsintensive fag med få tilsette. I ein slik situasjon er det uhyre vanskeleg å oppfylla ønsket om å ta vare på eit visst handlingsrom. Skal instituttet redusera utgiftene i driftsbudsjettet endå meir, kjem vi ikkje utanom å vurdera relativt drastiske tiltak som å kutta ut dei nye 100-nivåkursa, fjerna tilbodet FRAMDI, avvikla språkpakken for høgskulestudentar og kanskje avvikla delar av det ordinære undervisningstilbodet». LLE peikar på at både fagmiljøet i didaktikk samt allmenn og nordisk språkvitskap sårt treng fleire ressursar.

– Eg forstår at fagmiljøa er uroa. Eg kjenner særleg til situasjonen ved IF, med mange små fag og få tilsette på kvart, seier Hagen, som er professor ved nettopp det instituttet.

– Me har mange tilsette ved fakultetet og kan tola nokre kutt. Problemet er at me ikkje rekk å omorganisera, me må kutta når nokre går av for aldersgrensa. Me må sjå meir på korleis me kan gjera fagmiljøa våre levedyktige. Eg håpar ikkje desse kutta går for sterkt ut over forskinga.

Positive tilbakemeldingar
UiB arrangerte sommarkurs for utanlandske studentar allereie i 1964. I år var det 153 søkjarar til dei 60 plassane.

– Mange av dei som kjem er svært flinke, nokre av dei underviser til dømes i norsk i heimlandet. Dei er i stand til å lesa ein tekst av Jon Fosse på nynorsk og drøfta han etterpå, fortel Kristiansen.

Studentane vert delt inn i tre grupper etter nivå, og får opplæring i både språk- og litteraturdelen av norskfaget. I tillegg rommar kurset ein del fellesføreleseingar og sosiale aktivitetar.

– Eg kan ikkje hugsa å ha fått ei einaste negativ tilbakemelding. Tvert om skriv studentane til meg i ettertid og seier ting som at dette var den beste månaden i livet deira og at dei har lært meir på fire veker her enn på to år i heimlandet, seier Kristiansen.

Sommarkursa har vore finansierte på ulike måtar. Først var det øyremerka frå sentralt hald, men dei siste åra har pengane kome via fakultetet. I saksutgreiinga skriv fakultetsleiinga at dei ikkje ser på det som fakultetet si oppgåve å finansiera eit slikt kurs, men at det bør finansierast direkte frå UiB på same måten som sommarskulen for doktorgradsstipendiatar vert. Fakultetet har plassert sommarkurset i posten «tiltak utanfor ramma», og der står det på sjette plass. Summen det er snakk om, er ein halv million kroner.

– Det er i hovudsak lønskostnader. Studentane som kjem får 80 timar undervisning, seier Kristiansen. Han er skuffa over at kurset er plassert så langt nede på lista.

– Eg håpar at nokon flyttar det opp og at UiB sentralt vil satsa på kurset, seier Kristiansen.

– Eg meiner det er feil prioritering at ein ikkje lenger vil ha desse kursa. Eg skjønar ikkje heilt grunngivinga. Her får ein faglege kontaktar, og fleire av studentane kjem att, både på bachelor- og masternivå.

SIU støttar
Kristiansen fortel at Utanriksdepartementet var inne på finansieringssida i mange år. No er det SIU, Senter for internasjonalisering av utdanning, som gir økonomisk støtte.

– Me har ei ordning for noregskunnskap i utlandet. Ein del av denne ordninga er institusjonsstøtte. Det vil seia at institusjonar som tilbyr sommarkurs kan få støtte frå SIU.

Det seier Else Kathrine Nesmoen, avdelingsdirektør for Avdeling for høgare utdanning hos SIU.

Pengane frå SIU vert gitt som stipend til deltakarane på sommarkurset. Om lag 40 av dei får stipend som i hovudsak vert brukt til å dekka bukostnader den månaden dei er i Bergen. Studentane får tilbod om å bu på Hatleberg studentheim.

– Nokre av studentane får òg støtte på andre måtar. Tilbakemeldingane me får er at dei synest det er ein dyr månad – men at det er verd det, seier Kristiansen.

SIU ser at for studentane er det noko anna å kunne koma hit og studera norsk enn å berre gjera det ved heimeinsitusjonen. Det er viktig at slike tilbod finst, seier Nesmoen.

– Kva konsekvensar vil det få dersom UiB legg ned sommarkurset?

– På kort sikt må ein kanskje sjå på om det er andre institusjonar som kan auka kapasiteten. For SIU er det ei prioritert oppgåve å støtta dette kurset. Me har nettopp hatt ein gjennomgang av ordninga for noregskunnskap i  utlandet, og konkluderte med at me vil halde fram med å støtte tiltak som det kurset UiB tilbyr. Men eg vil presisera at institusjonsstøtta er ei konkurransebasert ordning  og avhengig av fortsatt løyve frå Stortinget, seier Nesmoen.

Atle Kristiansen seier han fekk vita om at sommarkurset står i fare for å verta kutta berre eit par dagar før papira til fakultetsstyremøtet vart sendt ut. Han er skuffa over at kurset er plassert langt nede på lista over «tiltak utanfor ramma». Foto: Hilde Kristin Strand
Powered by Labrador CMS