Fakultetsleiinga ved Det humanistiske fakultetet, frå venstre prodekan Einar Thomassen, dekan Margareth Hagen, fakultetsdirektør Trine Moe og visedekan Claus Huitfelt, likar ikkje den økonomiske situasjonen. Foto: Hilde Kristin Strand

HF gir, men får ein noko tilbake?

Publisert

Det humanistiske fakultetet har vedteke eit budsjett dei sjølve ikkje er sikre på om er realistisk. Dekan Margareth Hagen er uroa.

I denne søte førjulstid er det freistande å låna eit ordspråk frå Barne-TV: Blånissane lånar, og gir noko tilbake. Det humanistiske fakultetet gir pengar til universitetet sentralt, men kor mykje dei får tilbake? Vel, det er ikkje fakultetsstyret heilt sikre på. Denne veka vedtok dei eit budsjett der dei etter ein lang diskusjon valte å likevel ikkje oppretta professor II-stillingar ved fire av institutta. Dette er noko institutta ønska seg, og kom med innspel om, tidlegare i år.

– Får lite tilbake
– Verda endrar seg raskt, sa fakultetsdirektør Trine Moe da ho innleiia saka om budsjett for 2015.

– I 2009 hadde me eit stort underskot, medan me frå 2013-14 kunne overføra 29 millionar kroner.

Moe peika på to forhold som gjer at HF får ein reduksjon i grunnløyvinga for 2015. Det eine er at fakultetet har hatt ein nedgang i inntekter. Dette heng saman med både færre studentar og færre publiseringspoeng frå forskarane.

– Det er bekymringsfullt. Me klarte ikkje å fylla studieplassane no i haust. Og ser ein på siste tildeling frå Forskingsrådet, Fripro, var det ganske deprimerande. Me fekk ikkje pengar til eit einaste prosjekt, berre eit personleg postdok-stipend, sa Moe.

Den andre årsaka til færre inntekter, er at fakultetet får ein reduksjon i basisbudsjettet.

– Dette er noko universitetsstyret ønskjer. Alle fakultet får eit kutt, til strategiske satsingar. For HF er det eit kutt på 13 millionar. Og me får lite tilbake, sa Moe.

– Som ein jojo
Fakultetsleiinga føreslo å fordela færre midlar til institutta. Til våren kjem dessutan ein bemanningsplan, og å tilsetja i nye, faste stillingar no er ikkje aktuelt. Unntaket er ein fast stilling i kinesisk, som heile styret var samde i at må på plass. Med auka inntekter innan etter- og vidareutdanning og nokre millionar i refusjon i sjukepengar, håpar leiinga at budsjettet går opp.

– Er dette eit realistisk budsjett? Er det ikkje betre å gjera som SV og seia at me eigentleg går med underskot?

Det spurte Christhard Hoffmann, som representerer gruppe A.

– I 2009 vedtok me eit budsjett med underskot, då var situasjonen slik at me ikkje syntest me kunne gjera anna. Då vart me kalla inn på teppet hos leiinga, kommenterte Moe.

– Det er skummelt at budsjettet vårt hoppar som ein jojo opp og ned. Eg sat òg i styret då me måtte kutta mykje i 2009. Me må gjera alt me kan for å få stabilisert budsjettet, kommenterte Randi Rolvsjord, som representerer gruppe A.

I budsjettet er det, som sentralt ved UiB, sett av nokre midlar til strategiske satsingar. Hoffmann var ikkje samd i dette.

– Det vert trangt for institutta, og eg er skeptisk til denne typen kutt. No kan me hausta noko frå dei tverrfaglege institutta våre, meinte han.

Får to millionar
Frå universitetet sentralt får HF to millionar kroner som skal brukast til å styrka fakultetet sitt arbeid med fornying av studietilbod. Dette er ei eingongsløyving, og fleire i styret var skeptiske til om ein får brukt desse pengane på ein fornuftig måte i løpet av eit år. Dei stilte spørsmål ved om ein heller burde finansiera ein stilling i kinesisk med deler av denne summen. Konklusjonen var at ein ikkje skal det.

Dekan Margareth Hagen seier til På Høyden over at ho er uroa over fakultetet sin økonomiske situasjon. Hennar forslag var både å kutta professor II-stillingane og i tillegg kutta ein av millionane som skulle overførast til fakultetet.

Samstundes er ho tydeleg på at fakultetet må ha nokre midlar tilgjengeleg.

– Me har ikkje vore dyktige nok til å hanka inn eksterne midlar, som frå forskingsrådet. Kanskje må me setja i gang tiltak knytt til krevjande søknadar, som senter for framifrå forsking, Horisont 2020 og for unge forskarar, sa ho i møtet.

– Treng me vera så redde for å gå med underskot, spurte Kjetil Berg Henjum, som representerer gruppe A.

Han stemte mot å kutta toarstillingane, men var den einaste som gjorde det. Styret vedtok òg at ein allereie på første møte i 2015 vil ha ei konkret liste over korleis pengane til arbeidet med fornying av studietilbod skal brukast.

– Er dette eit realistisk budsjett, spurte Christhard Hoffmann. Foto: Hilde Kristin Strand
Powered by Labrador CMS