Kjersti Fløttum er uroa for kva som skjer med likestillingsarbeidet dersom det er fakulteta som må finna pengar til det. Arkivfoto: Ingvild Festervoll Melien

Kritisk til likestillingskutt

Publisert

– Eg er ikkje glad for at potten til likestillingstiltak vert redusert, sa professor Kjersti Fløttum i budsjettdebatten. Ho fekk støtte frå fleire av dei andre styremedlemmene.

I budsjettforslaget var potten til likestillingsarbeid redusert frå 4,8 til to millionar kroner.

–Det er eg ikkje glad for, og det er mange andre som heller ikkje er glade for dette. Det er snakk om eit lite beløp. Men det har ikkje vore nokon diskusjon om korleis likestillingsarbeidet skal vidareførast. Korleis kan me forsikra oss om at dette vert gjort, spurte Kjersti Fløttum, som representerer dei vitskapeleg tilsette, då universitetsstyret debatterte budsjett 2015.

I sakspapira heiter det at det i ti år er sett av midlar til likestiling og inkludering. Vidare heiter det at likestilling og inkludering framleis skal vera eit høgt prioritert område. Men den sentrale potten til likestillingstiltak vert fjerna frå budsjettet, og ansvaret overført til fakulteta. Deretter vert det oppretta ein sentral pott på to millionar kroner.

Frå juss til likestilling
– Det handlar ikkje berre om likestilling mellom kjønn, men òg om det meir krevjande, utvida likestillingsomgrepet, sa Fløttum.

Ho fekk støtte frå Peter M. Haugan, som òg representerer dei vitskapeleg tilsette.

– Spørsmålet er om det er lagt inn nok insentiv til at fakulteta vil ta ansvaret, sa han.

Konstituert universitetsdirektør Kjell Bernstrøm svara at han var personaldirektør då likestillingspotten vart innført i 2004.

– Potten skulle ligga i ein periode, for å få opp aktiviteten. Fokus då var likestilling mellom kjønna. I dag er ein del av pengane brukt til tiltak for å få tilsett menneske med handicap. På eit eller anna tidspunkt må fakulteta ta ansvar for finansiera likestillingstiltaka sjølve, sa Bernstrøm.

Synnøve Myhre, som representerer dei teknisk og administrativt tilsette, ville òg ha meir pengar til likestilling. Hennar løysing var å flytta pengar frå det juridiske fakultetet og frå Universitetsmuseet. Som På Høyden skreiv onsdag, la budsjettforslaget opp til ekstra midlar til desse to einingane.

– Spørsmålet mitt er om me bind opp for mykje pengar før me har vedteke den nye strategien for UiB. Eg synest vurderinga knytt til å gi Det juridiske fakultetet meir pengar er godt vurdert, men fakultetet har samstundes klart å henta inn meir pengar enn dei sjølve har varsla. Treng dei då meir? Universitetsmuseet tek òg med seg eit overskot, treng dei då tre millionar til? Eg vil flytta desse pengane frå juss og museet til satsing på likestilling, sa Myhre.

– Kan adminsitrasjonen sjå på likestillingspengane, med mål om å få inn same sum som i år, spurte rektor.

– Ja, var svaret frå Bernstrøm, som la til:

– Dei sosialpolitiske tiltaka er på 16,5 millionar.

395 000 for utanlandsstudentane
Ei anna sak som uroa fleire av styremedlemmene, var innføring av studieavgift for nokre av dei utanlandske studentane. I pengane frå kunnskapsdepartementet, ligg det inne eit kutt for UiB på 7,9 millionar kroner. Dette er ein halvårseffekt.

Rektor Dag Rune Olsen har tidlegare vore tydeleg på at han er motstandar av å innføra studieavgift.

– Kva skjer dersom dette kravet vert innført, spurte studentrepresentant Astrid-Kristine Hauge Rambøl.

– Det veit me ikkje. Eg ser føre meg at moglegheita til å ta betaling, vil falla i Stortinget. Men kuttet vil bestå. Det er mogleg at regjeringa har lagt dette inn som noko partia som ikkje er i regjering, men heller ikkje heilt i opposisjon, kan få når budsjettet skal opp i Stortinget, sa Olsen.

For UiB er det snakk om om lag førti studentar som ein vil kunne ta betaling frå. Det vil seia 395 000 kroner for kvar av dei, for å dekka kuttet frå staten.

– Det er få studentar som har råd til å betala den summen for å studera i Bergen. Så kan ein seia at dersom det er viktig for dei å studera her, bør det vera fordi kvaliteten på utdanninga er høg. Dersom det berre er fordi det er billeg å studera her, kan det vera det same. Men ein kan jo sjå føre seg at det kan vera gode studentar med låg kjøpekraft som kjem hit, sa Olsen.

Synnøve Myhre ville flytta pengar frå juss og museet til likestilling. Arkivfoto: Ingvild Festervoll Melien
Powered by Labrador CMS