Det vert tal og milliardar å halda styr på når universitetsstyret skal handsama sak om neste års budsjett. Foto: Tor Farstad

Styremøte: Den store budsjettdagen

Budsjett for 2020 er den store saka når universitetsstyret har møte torsdag. Sjå møtet direkte her fra klokka 9.

Publisert Sist oppdatert

UiB sitt budsjett nærmar seg fem milliardar kroner. 3,7 av dei er basisløyving, 1,2 er det ein reknar med å få inn i bidrags- og oppdragsinntekter (BOA). Budsjett er difor den store saka når universitetsstyret samlast torsdag morgon. Møtestart er kl. 9, og du ser møtet direkte her.

Samla til seminar

Onsdag var universitetsstyret samla til seminar. Det hadde tittel «Forskningens kvalitet og rammer», og nokre av temaa var UiB sitt vidare arbeid med forskingskvalitet og kunnskap, diskusjon om modellar, kultur og insentiv for arbeid som kan fremja kvalitet.

I budsjettdokumentet er mellom anna klyngestatsinga nemnd, dei «bringer sammen fag og universitetseksterne miljøer for å integrere og utvikle sterke miljøer for forskning, utdanning, innovasjon og formidling omkring felles tematikk».

I tillegg er dei tre satsingsområda frå strategien nemnde: Marin verksemd, klima- og energiomstilling og globale samfunnsutfordringar. Desse er ein viktig del av UiB si utvikling av framifrå forskings- og utdanningsmiljø på område der UiB både har historiske, faglege og strategiske fortrinn.

Startar tidleg

Møtestart er allereie klokka ni. I tillegg til sakene som står på lista, har rektor Dag Rune Olsen varsla at han kjem til å orientera styret om at han har søkt stillinga som rektor ved NTNU.

Dette er sakslista:

S 95/19 Godkjenning av innkalling og saksliste
S 96/19 Godkjenning av protokoll fra møte i universitetsstyret 26.9.2019
S 97/19 Fullmakts- og referatsakersaker og diverse referater mv.
S 98/19 Budsjett for Universitetet i Bergen 2020
S 99/19 Språkpolitiske retningslinjer ved Universitetet i Bergen
S 100/19 Årsplan for internrevisjon 2020
S 101/19 Oppstart av arbeidet med handlingsplan for kvalitet i forskning S 102/19 Endringer i universitetets grads- og studieforskrift
S 103/19 Mandat og sammensetning av utvalg - arbeidsdeling mellom rektor og universitetsdirektør
Orienteringer
Styrets halvtime
Eventuelt

Powered by Labrador CMS