Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Budsjettet for 2019 er hovudsaka når universitetsstyret har sitt tredje møte denne hausten.
I slutten av oktober plar universitetsstyret ha eit møte som går over to dagar. Den første dagen er det styreseminar, i år med tema revidering av universitetet sin strategi. Etter felles middag om kvelden startar ein med budsjetthandsaming tidleg neste morgon.
Slik vert det òg i år. Frå klokka 9 kan du følgja med på universitetsstyremøtet her:
Del 3:
Del 2:
Del 1:
Møtet har starta litt forseinka. Vi har litt tekniske problem i dag, og dei første 15 minutta er difor ikkje med, med ein del saker før budsjettet.
Universitesdirektør Kjell Bernstrøm plar ha ein grundig gjennomgang av forslaget til neste års budsjett. I år er grunnbudsjettet på vel 3,6 milliardar. I tillegg skal styret etter planen vedta eit budsjett for bidrags- og oppdragsaktivitet på vel ein milliard kroner.
Elles skal styret mellom anna handsama sak om nytt namn for Institutt for kunst, om revisjon av UiB sin strategi og om open publisering.
Her er sakslista:
S 102/18: Godkjenning av innkalling og saksliste
S 103/18: Godkjenning av protokoll fra møte 27.9.2018
S 104/18: Økonomirapport per september 2018
S 105/18: Budsjett for Universitetet i Bergen 2019
S 106/18: Revisjon av universitetets strategi «HAV, LIV, SAMFUNN» 2016-22
S 107/18: Nytt navn for Institutt for kunst
S 108/18: Endring i Reglement for ansettelse i vitenskapelige stillinger m.v.
S 109/18: Nytt kvalitetssystem for utdanningene
S 110/18: Fullmakts- og referatsaker og diverse referater m.v.
S 111/18: Orientering om forhandlinger i 2018 om nasjonale konsortieavtaler for åpen tilgang til vitenskapelige artikler
Orienteringer
Styrets halvtime
Eventuelt