Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Universitetsstyret har samrøystes vedteke neste års budsjett. Etter debatt vart det lagt inn eit ekstra punkt om forskingstermin.
Budsjettet for 2013 vart samrøystes vedteke av universitetsstyret. Debatten peika på fleire forhold, men det som vart debattert mest, var forslaget om å ha oftare forskingstermin. Styret vedtok at dei skal koma attende til dette, men vedtok at dei tre millionane som er sett av, førebels ikkje skal flyttast. Vedtaket er som følgjer: Universitetsstyret ber om ei eiga sak om moglegheitene for auka hyppigheit av forskingstermin, sett i samanheng med ulike tiltak for å styrka kvaliteten i forskinga og utdanninga. Kritisk studentrepresentant Det sa studentrepresentant Magne Seierslund i universitetsstyret sin debatt om neste års budsjett. Vil ha meir utgreiing - Eg vil be om at me får tilbake ei sak på eit seinare tidspunkt. Det er sett av tre millionar kroner, men det er ingen automatikk i at desse pengane vil gjera at stundentane som studerer no vil få ei like god utdanning, meiner han. Seierslund vart støtta av Joakim Palme. - Eg deler synet på at dette ikkje er velargumentert, sa han. - Mindre eller dårlegare undervisning - Ordninga inneber anten mindre undervisning, dårlegare undervisning, eller at meir må gjerast av dei som vert at. Det vil gi mindre tid til forskning for desse, sa Grønlie i debatten. Han seier at ordninga allereie er kraftig underfinansiert, og meiner at dersom ein vil gi høve til oftare forskningstermin, er dette noko ein må tenkja grundig gjennom. Handlar om konkurranse - Me har ein sterk konkurranse i den internasjonale arbeidsmarknaden når det gjeld dei beste forskarane. Universitetet i Bergen slit med å rekruttera dei verkeleg gode. Me slit med lønsnivået når me skal konkurrera med dei store unversiteta i utlandet. Det får me ikkje gjort noko med, og det er heller ikkje sikkert at me skal gjera noko med det. Men det me kan konkurrera på, er gode forhold for forskarane, kommenterte Grønmo. Rektor sa òg at han ser utfordringa med å få kompensert utdanningskvaliteten undervegs.
- Det er ikkje tvil om at dette kan vera positivt på lang sikt. Men på kort sikt kan dette verta ein trussel for utdanninga.
I forslaget til budsjett ligg det inne at dei vitskapleg tilsette kan få forskingstermin etter fem år, mot etter seks år no. Seierslund meiner at saka er for lite greidd ut.
Heller Tore Grønlie er overtydd om at dette er ein god idé.
Rektor Sigmund Grønmo sa i debatten at han er samd i at ein kan utsetja punktet om hyppigare forskingstermin, og at styret ber om ei eiga sak om dette.