Her på Københavns Universitet er både tilsette og studentar frustrerte over kutta i utdanningsbudsjettet. Foto: Ida Bergstrøm

Danske studentar demonstrerer mot budsjettkutt

Publisert

Danske studentar er urolege for kvaliteten på høgare utdanning etter at nye kutt i utdanningssektoren er føreslått. 

Studentorganisasjonen Utdanningsalliansen (EA), som består av 40 mindre studentorganisasjonar heldt 5. oktober demonstrasjon over heile landet mot dei store budsjettkutta i høgare utdanning i Danmark. Det skriv University World News.

Ifølge organisasjonen utgjer kutta 14,7 milliardar danske kroner i perioden 2016-2021.

Talet er ei utrekning dei har gjort etter at statsminister Lars Løkke Rasmussen og hans regjering la fram forslag til budsjett for 2018. Regjeringa ønsker å forlenga kuttet på 2 prosent i året til høgare utdanning fram til 2021.

«Budsjettkutta har ført til mykje dårlegare kvalitet i heile utdanningssystemet. Me har vore vitne til rundar med oppseiingar, nedlegging av kurs, større klassar og dårlegare infrastruktur på undervisingsrom» skriv organisasjonen på Facebook. 

Nærare éin milliard i kutt for KU

Ifølge Uniavisen, blir dei totale kutta for Københavns Universitet (KU) 930 millionar danske kroner fram mot 2021.

Les meir: Må spare 376 millioner kroner, seier opp folk

Forskar Thomas Vils Pedersen, som representerer dei tilsette på Københavns universitet, seier kutta vil føra til forverring av kvaliteten.

«Eg ser ingen fleire moglegheiter for meir effektivisering» seier Pedersen til avisa. 

Studentorganisasjonen EA seier dei ikkje kan stå på sidelinja å sjå på det som skjer. 

«Dette er berre toppen av isberget. Regjeringa held fram med budsjettkutta og annonser framtidige kutt i i finansieringssystemet for studentar. Me vil stoppa dette medan det framleis er noko kvalitet att å kjempa for.»

– Påverknad på heile sektoren

Utdanningsredaktør i Politiken, Jacob Fuglesang, seier han har stor forståing for at studentane protesterer. 

– Kutta vil føra til kvalitetsproblem i høgare utdanning – og sidan kutta ikkje er spesifikt retta vil dei ha stor påverknad på heile sektoren, seier Fuglesang.

Utdannings- og forskingsminister Søren Pind seier til University World News at kvalitet ikkje berre handlar om pengar:

– Det handlar like mykje om korleis me brukar pengane og lærer frå kvarandre sine erfaringar. Når eg møter studentar og lærarar, høyrer eg ofte døme på korleis lærarar har gjort undervising betre, gjennom til dømes digitale verktøy, seier han, og legg til: 

– Men me må sjølvsagt følga nøye med på korleis balansen mellom kvalitet og effektivitet utviklar seg på institusjonane. Og på lang sikt er det sjølvsagt ei grense for kor mykje du kan strøymlinjeforma og på same tid bevara kvaliteten.

Les også: Legger ned småfag i København

Powered by Labrador CMS